- Ei unik moglegheit for eigedomsbransjen

Bjørnafjorden kommune treng fleire utleigebustader for låginntektsgrupper. Det ønskjer vi å få til ved å inngå tilvisingsavtalar med private eigedomsaktørar.

Ordførar Terje Søviknes og bustadkonsulent Kari Merete Torsvik inviterer eigedomsbransjen til å vere med på ei spennande satsing i Bjørnafjorden kommune.

−Å bygge og drifte utleigebustader med tilvisingsavtale med kommunen gir private aktørar ei unik moglegheit for gunstig prosjektfinansiering gjennom Husbanken. Dette kan gi god lønnsemd i ei elles tøff tid for bygge- og eigedombransjen. I tillegg gir samarbeid med kommunen tryggheit i prosjektet, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Terje Søviknes (FrP).

Ikkje nok kommunale bustader

− Bjørnafjorden kommune treng fleire bustader med husleige som det er mogleg å for økonomisk vanskelegstilte å betale, seier Kari Merete Torsvik, bustadkonsulent i Bjørnafjorden kommune.  
− Det står til ei kvar tid om lag 50 menneske på venteliste for kommunal bustad i Bjørnafjorden. Vi har ikkje nok kommunale bustader til alle. Samstundes er det svært vanskeleg for mange med låg inntekt å komme seg inn på den ordinære utleigemarknaden. Då blir resultatet som regel mellombelse løysingar - og dårlegare livskvalitet for mange. Slik skal det ikkje vere, seier Torsvik. 

God effekt i andre kommunar

Samarbeid om bustadbygging mellom kommunar og private gjennom tilvisingsavtalar og Husbanken-finansiering er sett ut i livet i fleire norske kommunar − med god effekt. Torsvik trekker fram prosjektet Tømmerkaia i Skien kommune, som er bygd og drifta av Steinar Moe Eiendom, og Paradisalléen i Bergen, som Selvaag Bolig står bak.

− Vi håpar og trur at aktuelle aktørar i Bjørnafjorden og omland òg ser kva dette kan bety for dei. Ta gjerne kontakt med oss for ein prat og meir informasjon, oppmodar Kari Torsvik. 

Les meir og send tilbod

Kva er ein tilvisingsavtale?

Unsplash
  • Ein tilvisningsavtale er ein langsiktig avtale mellom kommunen og ein privat utleigar. 
  • Tilvisingsbustader er private utleigebustader der kommunen kan tilvise inntil 40 prosent av bustadene til vanskelegstilte på bustadmarknaden.
  • Målgruppa for bustader med tilvisingsrett er økonomisk vanskelegstilte bustadsøkjarar som av ulike årsakar fell utanfor den ordinære bustadmarknaden, til dømes eldre, eineforsørgarar eller flyktningfamiliar. 
  • Kommunen sitt mål med avtalen er å skaffe fleire eigna bustader til målgruppa.
  • Avtalen gir kommunen rett til å tilvise personar og familiar i målgruppa til 40 prosent av bustadene i eit prosjekt i minst 20 år.  
  • Bustadeigar inngår leigeavtale med kvar enkelt bustadsøkjar. Kommunen er ikkje bunden av ein leigeavtale og er ikkje økonomisk part i leigeforholdet.
  • Dersom kommunen ikkje har aktuelle bustadsøkjarar, kan bustaden leigast ut på den opne marknaden i samsvar med vilkår og fristar som er gitt i avtalen.

Kva kan ein tilvisingsavtale bety for ditt eigedomsprosjekt?

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
  • Gunstig finansiering av prosjektet gjennom grunnlån frå Husbanken:
  • Husbankens lån til utleigebustader med tilvisingsavtale kan dekke opptil 85 prosent av marknadsverdien, ha avdragstid på inntil 50 år, og moglegheit for å binde renta i inntil 20 år. 
  • Moglegheit for eitt års avdragsfriheit.
  • Minimum 60 prosent av bustadene i prosjektet kan til ei kvar tid leigast ut på den opne marknaden.