Profesjonell utleigeaktør? Få gunstig prosjektfinansiering gjennom tilvisingsavtale med kommunen

Bjørnafjorden kommune har behov for fleire utleigebustader i perioden 2024-2027. 
Vi ønskjer derfor å inngå avtale med ein eller fleire profesjonelle utleigeaktørar som har som føremål å eige, forvalte og leige ut bustader. 
Utbyggar/utleigar kan søkje gunstig lån frå Husbanken til å bygge, kjøpe eller bygge om eksisterande bygg til utleigeføremål, slik at målgruppa blir sikra trygge og stabile leige- og butilhøve. 

Kva er ein tilvisingsavtale?

  • Ein tilvisningsavtale er ein langsiktig avtale mellom kommunen og ein privat utleigar. 
  • Målgruppa for bustader med tilvisingsrett er bustadsøkjarar som av ulike årsakar fell utanfor den ordinære bustadmarknaden. 
  • Kommunen sitt mål med avtalen er å skaffe fleire eigna bustader til målgruppa.
  • Avtalen gir kommunen rett til å tilvise personar og familiar i målgruppa til 40 prosent av bustadene i eit prosjekt i minst 20 år.  
  • Bustadeigar inngår leigeavtale med kvar enkelt bustadsøkjar. Kommunen er ikkje bunden av ein leigeavtale og er ikkje økonomisk part i leigeforholdet.
  • Dersom kommunen ikkje har aktuelle bustadsøkjarar, kan bustaden leigast ut på den opne marknaden i samsvar med vilkår og fristar som er gitt i avtalen.
Bustadene skal vere av god kvalitet i gode og trygge bumiljø, og halde standard i tråd med Husbanken sine krav. KI

Les også: Om tilvisingsavtalar og aktuelle malar på husbanken sine heimesider

Kva er fordelen for deg som utleigar/utbyggar?

Gunstig finansiering av prosjektet gjennom grunnlån frå Husbanken:

  • Gunstig rente på heile lånet. 
    • Husbanken har berre éi rente, og den er berekna ut frå snittet av dei fem beste lånetilboda i marknaden som er rapporterte inn til Finansportalen, fråtrekt 0,75 prosentpoeng. For tida er renta på 4,189 prosent. 
  • Husbankens lån til utleigebustader med tilvisingsavtale kan dekke opptil 85 prosent av marknadsverdi, ha avdragstid på inntil 50 år, og moglegheit for å binde renta i inntil 20 år. 
  • Moglegheit for eitt års avdragsfriheit.
  • Kommunen vil hjelpe til å fylle bustadene med leigetakarar, og utleigar får lån frå Husbanken til alle bustadene i prosjektet - ikkje berre dei 40 prosenta kommunen viser leigetakarar til.
  • Minimum 60 prosent av bustadene i prosjektet kan til ei kvar tid leigast ut på den opne marknaden.

Bjørnafjorden kommune ønskjer:

Tilbod på ulike prosjekt i perioden 2024-2027, der hovudtyngda er bustader for einslege i ulike bustadtyper og buformer. 

Vi har behov for følgjande utleigebustader:

  • Studioleilegheiter/små 2-roms bustader (32-35 m2)
  • 2-roms bustader til eldre (50-60 m2)
  • 2-roms bustader (40-55 m2) 
  • 2-roms bustader til personar med funksjonsnedsetting (55-60 m2) 
  • 4-roms bustader (65-80 m2) 

Prosjektet må vere i tråd med eventuelle områdeplanar eller andre kommunale føringar om ønskt bustadutvikling.

Les også: Rettleiar for lån frå Husbanken.

Krav til standard 

Bustadene skal vere av god kvalitet i gode og trygge bumiljø, og ha kvalitet/standard i tråd med Husbanken sine krav. Der det ikkje blir stilt andre krav, gjeld Byggteknisk forskrift TEK17 (Direktoratet for byggkvalitet). 

Krav til utleigeselskap

Desse reglane gjeld for profesjonelle utleigarar som skal inngå tilvisingsavtale med kommunen og søkje lån frå Husbanken:

  • Utleigar har som føremål å eige, forvalte og leige ut bustader til personar etter avtale med kommunen.
  • Utleigar inngår ein samarbeidsavtale med kommunen.
  • Utleigeforholdet er basert på husleigekontraktar etter husleigelova.
  • Utleigar aksepterer NAV-garanti som depositum.
  • Leigetakarar som ikkje blir tilvist frå kommunen, får tilbod om minimum 5 års leigekontrakt.
  • Utbyggjarar må sjølve skaffe tomter til prosjekta.

Tilbodet må innehalde følgjande dokumentasjon:

  • Skildring av utleigeselskapet med firmaattest, skatteattest nyare enn 6 månader og kredittvurdering
  • Teikningar: situasjonsplan, plan, snitt og fasadeteikningar, samt prosjektskildring

Ved val av aktør/prosjekt vil vi vektlegge:

  • Skildring av utleigeselskapet
  • Plan for forvaltning av bebuarar og bumiljø
  • Husleigenivå
  • Kvalitet og bustadstandard
  • Tidspunkt for ferdigstilling
  • Livsløpsstandard ved nybygg
  • Nærleik til ulike funksjonar som handel og tenester, idretts- og kulturliv samt offentleg kommunikasjon.


All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil bli behandla konfidensielt fram til ein eventuell avtale er inngått.

 Send tilbod

Frist for å sende inn tilbod: 10. april 2024

For meir informasjon, ta kontakt med Bustadkontoret ved Kari Torsvik, tlf.  476 11 314

Kontakt

Kari Merete Torsvik
Spesialkonsulent
Mobil: 47611314