Får 260 000 kroner til sykkelløyper på skulane

For at unge syklistar skal bli trygge i trafikken, treng dei sykle mykje i bilfrie omgivnader. Snart kan elevane i Bjørnafjorden øve i oppmerka sykkelløyper ved skulen sin.  

Skjermknips frå instruksjonsfilm

Bjørnafjorden kommune har 13 skular med mellomtrinn (5.-7. klasse). Takk vere 260 000 øyremerkte kroner frå Samferdsledepartementet får alle desse skulane no merka opp permanent sykkelbane på uteområdet sitt.  

Samarbeider med Trygg Trafikk

Bjørnafjorden er godkjent som trafikksikker kommune, og alle skulane i kommunen har ein trafikksikringsplan der sykkelopplæring er tema. Mange av elevane våre syklar til skulen og til fritidsaktivitetar, og då er god trafikkopplæring viktig for å forebygge ulykker.  

Her kan du sjå film og teikning av sykkelløypa vi tar utgangspunkt i når det skal merkast opp. Bla nedover til del 4, “Ferdigheter - Ferdighetsløype”. Denne sykkelløypa skal tilpassast til den enkelte skule, gjerne med moment som er unike for skulen eller staden.

Fekk heile summen

Knut Vidar Garlid frå Oppvekst, SLT-koordinator Elin Tuft og Elisabeth Strøm-Olsen frå Samferdsel skreiv søknaden saman. Dei fekk gode råd frå Trygg Trafikk undervegs. Det betalte seg. Departementet meinte planen var så god at dei løyvde heile søknadssummen på 260 000 kroner. Dermed kan kommunen leige inn eit eksternt selskap til å merke asfalten på alle dei aktuelle skulane. I tillegg tilbyr Trygg Trafikk gratis kurs for lærarar som skal drive sykkelopplæring.

Fritt fram på ettermiddagstid

Elevane kan bruke sykkelløypene både organisert i skuletida og på eige intiativ på fritida. Yngre barn kan òg øve seg i sykkelløypa før dei sjølv skal starte med opplæring i skulen sin regi. Tanken er at løypene kan bli eit løft for trafikksikringsarbeidet på skulane, og gjere det enklare å gi sykkelopplæringa større plass i skulekvardagen. 
Det er ikkje bestemt når merkinga kjem i gang. Følg med!