- Kommunen har forankra ansvaret for trafikksikkerheitsarbeidet hos ordføraren og rådmannen. Den enkelte etatsleiaren kan ha delansvar.
- Kommunen har eit utval som har ansvar for trafikksikkerheit (i Bjørnafjorden kommune er dette plan-, bygg- og miljøutvalet)
- Kommunen har innarbeidd trafikksikkerheit i HMS-/interkontrollsystemet sitt. Det inneheld reglar for reiser og transport i regi av kommunen og reglar ved kjøp av transporttenester.
- Trafikksikkerheit er eit årleg tema i arbeidsmiljøutvalet (AMU) til kommunen.
- Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulukker og trafikkuhell (materiellskadar) i kommunen.
- Trafikksikkerheit er ein del av folkehelsearbeidet til kommunen.
- Kommunen har ein trafikksikringsplan. Planen har rullerings- og rapporteringsrutinar. Inkludert i planen er både trafikantretta og fysiske tiltak.
- Kommunen har eit godt system for å behandle søknader om skyss på grunn av særleg farleg skuleveg.
- Kommunen har oppfylt kriteria for den enkelte sektoren.
Bjørnafjorden kommune har oppfylt alle kriteria over.
I tillegg har alle desse sektorane/avdelingane lagt fram og fått godkjent dokumentasjon på sitt trafikksikringsarbeid:
- Barnehagane
- Skulane
- Samferdsel og VA
- Planavdelinga
- Kulturavdelinga
- Kommunelegen
- Helsestasjonane
Les meir på Trygg Trafikk sine sider