Har vedtatt veteranplan

Bilde frå forsida av veteranplanen - Klikk for stort bilete

I det siste møtet før sommarferien vedtok Bjørnafjorden kommunestyre Veteranplan 2023 – 2027.

Du kan lese planen her: Veteranplan 2023-2027 - Bjørnafjorden kommune  (PDF, 2 MB)

Det er ca 280 veteranar i Bjørnafjorden kommune. Vidare er det viktig å vise anerkjenning for den innsatsen veteranane har gjort for landet og dei områda dei har vore stasjonert, og sikre at det er møteplassar og vise korleis  lokalsamfunnet kan dra nytte av dei erfaringane veteranane har med seg.

Målet for veteranplan for Bjørnafjorden kommune er å anerkjenne, ta i vare og følge opp veteranane, både under og etter internasjonal teneste for Noreg. Veteranplanen gjeld for åra 2023-2027 og handlar om veteranar som har vore med i internasjonale operasjonar og korleis ein best skal ivareta dei og deira næraste.

Planen har blitt til i mellom anna samarbeid med Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO) Bergen og omland. Dette er ein godt etablert frivillig organisasjon med breitt aktivitetstilbod lokalisert til veteranhuset ved Kronstad hovudgard.

Sjå også Informasjon for veteranar