Kommuneplanen sin samfunnsdel er vedtatt

Bjørnafjorden sett frå Vinnes mot Os ein vinterkveld - Klikk for stort bileteVinterkveld i Bjørnafjorden Ella Marie B. Vangsnes

Kommunestyret har vedtatt samfunnsdelen av den første kommuneplanen for Bjørnafjorden kommune. Den handlar om korleis vi vil ha det i Bjørnafjorden dei neste 12 åra, og kva vi må gjera for å få det til.

Samfunnsdelen av kommuneplan for Bjørnafjorden kommune 2023-2035 (PDF, 4 MB)

Det gode liv for alle

Samfunnsdelen av kommuneplanen er det viktigaste styringsdokumentet i kommunen og legg rammene for tenester, planarbeid og arealbruk dei komande 12 åra. Vi vil skapa det gode liv for alle i kommunen vår. Å leggja til rette for det, er hovudoppdraget vårt som kommune. Dette skal samfunnsdelen av kommuneplan for Bjørnafjorden kommune 2023-2035 hjelpa oss med.

"Her finn du mange viktige mål og strategiar for å utvikla Bjørnafjorden på ein god og framtidsretta måte," seier ordførar Trine Lindborg.

Det handlar om framtidsretta transport og infrastruktur, nye møteplassar og fellesskap, natur-, klima- og miljøvenlege lokalsamfunn. Det handlar òg om samskaping og treffsikre kommunale tenester. Og det handlar om nyskapande og grøn næringsutvikling og eit arbeidsliv med rom for alle. 

Det gode samfunnet skaper vi i lag

Mål og strategiar byggjer både på innspel frå innbyggarar i alle aldrar, frå politikarane våre, og frå tenesteområda i kommunen, i tillegg til FN sine berekraftsmål og nasjonale føringar. Takk til alle som har medverka!

"Det gode samfunnet skaper vi i lag – slik vi har gjort det med denne planen. Derfor har vi «Samarbeid for å nå måla» som eitt av dei fire satsingsområda våre. Og derfor satsar vi på folk og fellesskap," understrekar ordføraren.
"Vi inviterer alle bjørnafjordingar til å bli med på å skapa eit raust og attraktivt lokalsamfunn og det gode liv for alle her i Bjørnafjorden!"