Kontakte heimetenestene? Ring i telefontida eller send melding via HelsenorgeHeimetenestene (heimehjelp og heimesjukepleie) på Os-sida har innført nye telefontider. Målet er å styre telefontrafikken betre, slik at dei tilsette får lengre periodar med samanhengande arbeidsro. KI Her finn du telefontider og kontaktinformasjon for heimetenestene i Bjørnafjorden kommune.Ring i telefontida– Heimetenestene er ikkje ei akutteneste. Mykje kan løysast ved hjelp av planlegging – innanfor telefontida eller ved å sende oss melding via Helsenorge, seier einingsleiar for heimetenestene på Os-sida, Kristin E. Haukeland.Send melding på Helsenorge Brukarar kan kontakte og kommunisere digitalt med heimetenestene i Bjørnafjorden kommune på Helsenorge. Dette kan òg pårørande gjere, ved at brukaren gir dei fullmakt. Sjå korleis du går fram for å gi fullmakt på helsenorge.no.På Helsenorge kan du sjå oversikt over planlagte og gjennomførte heimebesøk, i tillegg til å avbestille heimebesøk dersom du er bortreist. Les meir: Kommunale hjemmetjenester på Helsenorge - HelsenorgeLes også: – Hjelp heimetenestene å hjelpe Sist endra 03.03.2025 14:35