Kva skal vi finne på her heime i sommar?

Ferie i Bjørnafjorden? Her er tips til gode, lokale, rimelege aktivitetar for/saman med barn og unge i sommarferien, kvalitetssikra av bjørnafjordingane sjølve.

Eventyrløypa på Liafjellet

Sjå info og kart på dnt.no

  • Rundløypa har seks stopp med fantasifigurar, benkar og postkassar. I postkassane ligg det eit eventyr,  ein song og ei bok, kor du kan skrive namnet ditt.

Eventyrløypa i Øyane

Les meir på nyttios.no

  • Fin tur på skogssti, der du møter på mange ulike dyrefigurar: rev, bjørn, hare og skilpadde. Kvart dyr har ein liten historie. Mange fine stader å ete niste, inkludert ein gapahuk.

Ut på tur? På ut.no finn du 113 forslag til turar i Bjørnafjorden kommune

Lån utstyr til eventyr på BUA

  • BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som tilbyr gratis utlån av utstyr til sport, leik og friluftsliv, slik at alle får moglegheit til å delta uansett økonomiske føresetnader.
     

    På BUA kan du låne sykkel, ski, skøyter, SUP, svømmeføtter, telt, bålpanne, stormkjøkken, rulleskøyter, sovepose, liggeunderlag, hengekøye, ryggsekk, vannski, krokket, frisbeegolf, boccia, kubb og mykje, mykje meir.

Gå på skattejakt i fjøra 

Kor? Smievågen, Mobergsvikjo, Ervikane, Strandvik, Hagafjøra, Skjelavikjo og mange andre stader. Sjå kart over friluftsområde på bof.no

  • Lån bøtte og håv til dei minste, eller dykkarmaske, snorkel og svømmeføtter på BUA. Utforsk livet under vatn, fang krabber, sjøstjerner og småfisk (men slepp dei ut att). Ikkje heilt badetemperatur? BUA har våtdrakter til heile familien. SUP kan du òg låne.

Lag pannekaker til frukost/lunsj/middag/kveldsmat på stormkjøkken

  • Lån stormkjøkken på BUA. Lag pannekakerøre heime og hell oppi ei plastflaske. Ta med litt smør og syltetøy. Gå så langt som de har lyst til, før de set stormkjøkkenet på eit beint og trygt underlag, fyrer opp og steiker i veg. Pannekaker smakar på magisk vis endå betre utandørs.

Besøk ein ny leikeplass/skuleplass 

  • Alle barnehagar og skular i Bjørnafjorden har leikeplassar som er opne for omsynsfull bruk. Kva med ein liten leikeekspedisjon til klatrestativet på Borgafjellet barnskule eller det nye uteområdet på Fusa skule?

Ta ein sykkeltur til bollane på Hagavik hjemmebakeri

Sjå kart

  • BUA har syklar til heile familien.

Besøk biblioteket

Sjå sommaropningstider for biblioteka i Bjørnafjorden

  • Sommarles.no er biblioteket sin lesekampanje for barneskuleelevar i sommarferien. Kampanjen varer frå 1. juni til 31. august. Deltakarane samlar poeng ved å lese og registrere så mange bøkar dei berre orkar i ferien. Etter kvart som barna når nye poengnivå, kan dei hente fine premiar på biblioteket. Lydbok, høgtlesing eller lese sjølv – alt tel i Sommarles.
  • Lån bok på biblioteket og hengekøye på BUA, som ligg vegg i vegg. Ta med til næraste skog eller hage.

Flyspotting på Ulven 

Sjå kart

  • Sjå fly lette frå Vaksinen flyplass på ein finvêrsdag. 

Gå på stolpejakt

  • Har du fleire tips til kjekke ting å finne på her heime i sommar som vi bør ha med i oversikta? Då vil vi gjerne høyre frå deg! 
    Send oss ein e-post