Nedstemt, uroleg, tunge tankar?

Det er god hjelp å få. Sjå haustens tilbod frå Rask psykisk helsehjelp i Bjørnafjorden kommune.

Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit behandlingstilbod til deg som er over 16 år, og som er nedstemt, har tunge tankar, eller kjenner på angst og indre uro. Tilbodet kan vere i gruppe, digitalt eller individuelle samtalar.

Tilbod frå Rask psykisk helsehjelp hausten 2024

  • Innføringskurs i kognitiv åtferdsterapi og psykisk helse. Oppstart 19. september og 15. oktober. Les meir om kursa her
  • Gruppebehandling med tema depresjon. Oppstart 21. november. Les meir om tilbodet her
  • Rettleia sjølvhjelp - eit digitalt behandlingsprogram der du arbeider heime, samtidig som du får rettleiing frå ein terapeut, på telefon eller oppmøte, kvar veke. Les meir om Rettleia sjølvhjelp her
  • Individuelle samtalar. I nokre tilfelle vil det vere hensiktsmessig med individuelle samtalar ved oppmøte hos terapeut.

Les meir om Rask psykisk helsehjelp (RPH) i Bjørnafjorden kommune

Er noko av dette aktuelt for deg?

Send ein e-post med fullt namn og telefonnummer til rask.psykisk.helsehjelp@bjornafjorden.kommune.no 
Skriv i e-posten om du ønskjer å delta på kurs/gruppetilbod. Vi tar kontakt med deg for ein kartleggingssamtale.

NB! Ikkje skriv sensitive opplysningar i e-posten, til dømes omfattande forklaring på kvifor du søker hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.  

Du kan òg ringe telefon 474 67 473, måndagar og onsdagar kl. 12-14. Du kan ikkje sende SMS til dette nummeret.