Kommunalsjef for samfunnsutvikling Eystein Venneslan.Det var fem søkarar til kommunalsjefstillinga (PDF, 465 kB).
Som kommunalsjef for Samfunnsutvikling får Eystein ansvar for ein brei sektor som omfattar plan og byggesak, eigedom og drift, samferdsel, vatn og avløp, brann og redning, kultur, prosjekt og innbyggjarservice. Området Samfunnsutvikling har om lag 180 tilsette fordelt på omlag 130 årsverk.
Kontinuitet i leiinga
– Eg er glad for at Eystein blir med oss vidare og at vi får kontinuitet i leiinga av Samfunnsutvikling. Eystein har mykje erfaring og personlege eigenskapar som vi vil dra god nytte av i vidareutviklinga av kommunen, seier kommunedirektør Arild McClellan Steine.
Før Eystein kom til Bjørnafjorden, var han kommunedirektør i Askøy kommune. Han har òg lang fartstid i fylkeskommunen og frå konsulentverksemd, kor han mellom anna jobba med samferdsel, tekniske tenester og helse og omsorg. I Askøy hadde han ansvar for saker knytt til plan- og bygningslova (PBL), og han brenn derfor for det offentlege planarbeidet. Dette engasjementet kjem særleg godt med no når Bjørnafjorden står i startgropa for arbeidet med kommuneplanen sin arealdel (KPA).
Gler seg til å komma i gang
Eystein sjølv er glad for å få halda fram arbeidet han har starta på, og gler seg til å komma i gang i stillinga «på ordentleg»:
– Eg set stor pris på tilliten eg har fått. Som konstituert kommunalsjef har eg allereie fått jobba ein del med feltet, og trivst veldig godt. Det er mange trivelege kollegaer og godt miljø. Bjørnafjorden er ein kommune i utvikling. Her skjer det mykje spennande, så no er det berre å setja i gang, seier han.
Eystein er allereie godt i gang med å setja seg inn i rutinar og system, og no i starten vil han konsentrera seg om å bli endå betre kjend med både folka og geografien:
– No i starten vil eg nok konsentrera meg mest om å bli kjend. Først og fremst med einingane, tenestene og politikarane. Eg har òg vore på ein del synfaringar. Det er viktig å vera geografisk godt kjend, særleg i denne stillinga. Mange av sakene dreier seg om område og enkeltsaker på konkrete adresser, og då må eg jo vita kvar det er.
Fjellstovevert på fritida
Venneslan er gift, og har to vaksne barn og eitt barnebarn. Han er utdanna statsvitar, bur i Åsane og er mykje i fjellet på fritida. Saman med kona Juana har han ansvaret for ei fjellstove på Voss. Gode vener i Bordalen står for mykje av den daglege drifta.