Områdeplan for Strandvik: Velkommen til folkemøte!

Bjørnafjorden kommune inviterer til ope folkemøte i samband med at områdeplan for Strandvik på ny skal ut på høyring og til offentleg ettersyn.
 

Tid og stad

Onsdag 26. juni 2024, kl. 18
Grendahuset i Strandvik

Kva er saka?

Slik såg det ut i Strandvik i 1965. Korleis skal det sjå ut frå 2024 og framover? Widerøe Fjellanger

Arbeidet med områdeplan for Strandvik starta i dåverande Fusa kommune i 2018. I 2020 blei planen lagt ut på høyring. Store endringar har gjort at plan-, bygg- og miljøutvalet (PBM) no har vedtatt å legge ut planen til ny høyring.

Hovudføremålet med områdeplanen er å legge til rette for framtidig utvikling av Strandvik sentrum med bustader, sentrumsområde, landbruksareal, parkering, gravplass, utviding av skuleområdet, gangvegar, fortau og grønstruktur.

Sei di meining

Alle dokument i saka vil vere tilgjengelege her frå måndag 24. juni 2024 
Grunna fellesferien er høyringsfristen sett til 23. august 2024.

Kart som viser kor Strandvik ligg - Klikk for stort bileteDen gule sirkelen markerer området som er berørt av områdeplanen for Strandvik.

Kontakt

Asle J. Andås
Ingeniør
Telefon: 56575316
Mobil: 92679526