Sei ifrå til politiet

Anders Opsal er polititenestestadsleiar i Eikelandsosen.

- Det viktigaste du gjer om du ser eller mistenker at nokon blir utsett for vald eller overgrep, er å seie ifrå til nokon som kan hjelpe. Og det kan gjerne vere politiet, seier Anders Opsal i politiet.

- Terskelen er for høg

​- Eg trur terskelen for å kontakte politiet i saker som gjeld vald og overgrep i heimen kan vere litt for høg. Det er ikkje slik at vi berre skal bli kontakta i akutte og svært alvorlege saker. Heller ikkje at du må vere heilt sikker på kva som har skjedd før du tar kontakt med oss. Vi gir råd og rettleiing, og samarbeider i tillegg tett med andre delar av hjelpeapparatet, seier Anders Opsal i politiet.

Usikker? Snakk med konsultasjonsteamet først

Du kan vere heilt anonym når du tar kontakt med politiet. 

- Samstundes er politiet avhengig av å vite kva du har sett eller opplevd for å kunne gjere ei god vurdering av eventuelt neste steg. Dersom du er usikker på kva du bør gjere med mistanken din, anbefaler eg å først ta kontakt med konsultasjonsteamet mot vald og overgrep i Bjørnafjorden kommune. Der møter du erfarne fagpersonar, som kan gi deg klare råd om kva du bør gjere. Kanskje får du råd om å kontakte politiet. Det viktigaste du gjer er uansett å fortelje det til nokon, slik at vi eller andre instansar kan følgje opp, oppmodar Opsal.

Les også: Sei ifrå til konsultasjonsteamet mot vald og overgrep i Bjørnafjorden.

Sei ifrå! Mot vald i nære relasjonar

 

Marco Blanchetti/Unsplash

Bjørnafjorden kommune har laga ein plan mot vald i nære relasjonar. (PDF, 516 kB)

I perioden 25. november-10. desember rettar vi søkjelyset mot vald og overgrep. Målet med kampanjen er å gjere innbyggarar og tilsette merksame på kva ein skal gjere og kven ein skal kontakte ved mistanke om vald og overgrep.

Les også: Mistenker du at nokon har det utrygt heime? Sei ifrå!