Mistenker du at nokon har det utrygt heime? Sei ifrå!

Marco Blanchetti/Unsplash

Alle har eit ansvar for å stoppe og melde ifrå om vald og overgrep - anten du er familiemedlem, nabo, venn, klassekamerat, kollega, barnehagetilsett, lærar eller forbipasserande på gata.

Sei ifrå!

Vi vil helst ikkje tru eller tenke det. Men verkelegheita for mange - både barn, vaksne og eldre - er dessverre at dei blir utsette for vald frå sine nærmaste. Frå foreldre, ektefelle, vaksne barn eller andre som skal vere dei tryggaste i livet.

Det kan vere veldig vanskeleg for den det gjeld å melde ifrå.
Derfor er det heilt avgjerande at du som ser, høyrer eller opplever noko som får deg til å undre, faktisk gir beskjed.

Vi har alle eit ansvar for å stoppe og melde frå om vald eller mistanke om vald. Du har ikkje ansvar for å bekrefte eller bevise mistanken din - det er det andre som skal gjere.
Det er umogleg å stanse vald og overgrep som ingen veit om. Sei ifrå!

 Tiltak mot vald i nære relasjonar

Bjørnafjorden kommune har ein plan mot vald i nære relasjonar. (PDF, 516 kB)

I perioden 25. november-10. desember rettar vi søkjelyset mot vald og overgrep. Målet med kampanjen er å gjere innbyggarar og tilsette merksame på kva ein skal gjere og kven ein skal kontakte ved mistanke om vald og overgrep.

I samband med planen mot vald og overgrep i nære relasjonar har vi laga nokre "tiltakskort" med gode råd og viktige telefonnummer (sjå under). Du kan òg laste ned og skrive ut korta. 

Vald i nære relasjonar: Akutte situasjonar og viktige telefonnummer
Kva gjer du ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep mot barn?
Kva gjer du ved mistanke om vald i nære relasjonar?
Vald og overgrep mot barn: Akutte situasjonar og viktige telefonnummer
Informasjon på engelsk, arabisk og ukrainsk