Sei ifrå til konsultasjonsteamet mot vald og overgrep

Anne Hodneland Sundfjord er med i konsultasjonsteamet mot vald og overgrep. Ragnhild Stende Bjaadal

Har du ein dårleg magefølelse for eit barn eller ungdom, men usikker på om og korleis du skal gå vidare med bekymringa di?

Ta kontakt med konsultasjonsteamet mot vald og overgrep i Bjørnafjorden kommune.

- Konsultasjonsteamet er eit tilbod til deg som føler behov for å lufte og diskutere ein mistanke om vald eller overgrep mot barn eller ungdom, fortel Anne Hodneland Sundfjord, leiar av Ungdomsteamet og medlem av konsultasjonsteamet mot vald og overgrep.

Kva er konsultasjonsteamet?

Konsultasjonsteamet er sett saman av fagpersonar frå ulike tenester.Teamet kan gi deg råd om kva du bør gjere vidare, kven det eventuelt er rett å kontakte i neste steg og om du bør melde om bekymringa di til barneverntenesta. Alle saker blir drøfta anonymt.

Alle skal vite om konsultasjonsteamet mot vald og overgrep

- Dei fleste som tar kontakt med oss jobbar i barnehagen eller skulen. Vi ønskjer at alle som jobbar med barn og unge i kommunen vår skal vite om konsultasjonsteamet og tilbodet vårt, slik at terskelen for å seie ifrå om ein mistanke blir lågare. Det er sjølvsagt òg fullt mogleg for privatpersonar å ta kontakt og få råd, fortel Sundfjord.

Vi må tru det for å sjå det

- Teamet skal ikkje gripe inn i eller overta ansvaret i saker, men gi råd og rettleiing om kva du bør gjere med mistanken din. Mange er redde for å ta feil, og feilaktig skulde nokon for forferdelege handlingar. Men sanninga er at vald og overgrep mot barn og unge skjer. Ofte ser vi det ikkje før vi trur det. Barn som har det vondt kan gi utruleg mange små hint i løpet av ein dag i eit forsøk på å fortelje korleis dei har det. Desse hinta må vi ta på alvor. Det at du seier ifrå, kan gjere heile forskjellen i ein oppvekst, ja- i eit liv, seier Sundfjord.

Du skal ikkje bevise noko

- Ikkje brenn inne med bekymringa di. Ta kontakt med oss og få råd. Du skal ikkje bevise eller bekrefte noko, berre fortelje oss om kva som gjer deg bekymra, oppmodar Sundfjord.

Les meir og kontakt konsultasjonsteamet mot vald og overgrep i Bjørnafjorden kommune

Sei ifrå! Mot vald i nære relasjonar

 

Marco Blanchetti/Unsplash

Bjørnafjorden kommune har laga ein plan mot vald i nære relasjonar. (PDF, 516 kB)

I perioden 25. november-10. desember rettar vi søkjelyset mot vald og overgrep. Målet med kampanjen er å gjere innbyggarar og tilsette merksame på kva ein skal gjere og kven ein skal kontakte ved mistanke om vald og overgrep.

Les også: Mistenker du at nokon har det utrygt heime? Sei ifrå!