Sjå ny utgåve av Info-TV frå Bjørnafjorden

Tidlegare deltakarar på EFST-kurset, Hans Kristian og Oksana Kleiven i samtale med EFST-koordinator Anja Helene Strønen Lien og programleiar Mari Lyssand.

Bli med til Livskvalitet ski-og sykkelverkstad, lær om foreldrekurset EFST og om korleis du går fram for å sjå kommunale fakturaer, be om utsetjing og bestille månadleg faktura.

Det skjer mykje spennande og interessant i kommunen vår!
Målet med Info-TV er å fortelje deg om tenester og tilbod, nye og smarte løysingar og anna som du og andre bjørnafjordingar kan ha nytte og glede av å vite om.
Ny sending kjem ein gong i månaden.

Sjå tidlegare Info-TV-sendingar her.