Sjå alle sendingar med Info-TV frå Bjørnafjorden kommune

Det skjer mykje spennande og interessant i kommunen vår!
Med Info-TV frå Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å fortelje om tenester og tilbod, nye og smarte løysingar og anna som du og andre bjørnafjordingar kan ha nytte og glede av å vite om.

  • Bli med til Livskvalitet ski- og sykkelverkstad på Osøyro, driven av brukarar frå psykisk helse- og rustenester.
  • Lær om dei populære EFST-kursa for foreldre, som gir foreldre praktiske verktøy til å løyse opp i konflikter og utfordringar med barna.
  • Slik går du inn på heimesida til kommunen for å sjå dei kommunale fakturaene dine, be om betalingsutsetjing og bestille månadleg faktura.

Omvisning i den nye brannstasjonen i Eikelandsosen, avspenning med Friskliv og meistring, enklare byggesøknad og betre matomsorg ved sjukeheimane våre står på programmet i den aller første utgåva av Info-TV frå Bjørnafjorden kommune.

Til toppen