Sjå ny utgåve av Info-TV frå Bjørnafjorden
Pop-up-telt er ein av veldig mange typar utstyr du kan låne i BUA. Grete Byrkjeland, avdelingsleiar for kultur og fritid, demonstrerer kor enkelt det er å sette opp teltet.
Bli med ein tur innom utlånssentralen BUA, lær om Kva er viktig for deg?-dagen og om korleis du går fram for å kontakte ulike tenesteområde i kommuen via heimesida.
Det skjer mykje spennande og interessant i kommunen vår!
Målet med Info-TV er å fortelje deg om tenester og tilbod, nye og smarte løysingar og anna som du og andre bjørnafjordingar kan ha nytte og glede av å vite om.
Sjå tidlegare Info-TV-sendingar her.
Publisert av Mari Lyssand
Sist endra 02.06.2023 12:31