Skal du søkje læreplass? Kom til oss i kommunen!Bjørnafjorden kommune er lærebedrift innan ei rekkje fag. No søkjer vi etter nye lærlingar. Er det aktuelt for deg eller kanskje nokon du kjenner? Søk innan 1. mars 2025. Bjørnafjorden kommune er ein spennande arbeidsstad med eit inkluderande arbeidsmiljø og veldig kjekke kollegaer. Vi er opptatt av at du skal trivst, slik at du kan lære og yte best mogleg når du jobbar hos oss – og gjerne jobbe vidare i kommunen etter at du har tatt fagbrevet.Aktuelle læreplassar i Bjørnafjorden kommuneVi har desse ledige læreplassane frå august 2025:Lærling innan byggdriftarfagetLærling i service og administrasjonsfagetLærlingar i brannførebyggarfagetLærling i veg- og anleggsfagetLærling i helsearbeidarfagetLærling i barne- og ungdomsarbeidarfagetLærling i IT-driftsfag Søknadsfrist: 1. mars 2025Tenker du på å gå i lære? Søk hos oss! Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Vi gler oss til å høyre frå deg!Les meir: Bli lærling i Bjørnafjorden kommune Sist endra 30.01.2025 15:34