Skal du søkje læreplass? Kom til oss i kommunen!

Bjørnafjorden kommune er lærebedrift innan ei rekkje fag, og søkjer no etter lærlingar innan:

  • Byggdriftarfaget
  • IT-driftsfaget
  • Service- og administrasjonsfaget
  • Veg- og anleggsfaget
  • Brannførebyggarfaget

Er det aktuelt for deg eller kanskje nokon du kjenner? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein spennande arbeidsstad med eit inkluderande arbeidsmiljø og veldig kjekke kollegaer.  
Som lærling hos oss vil du få verdifull erfaring og bygge eit solid grunnlag for å møte arbeidslivet etter endt læretid.

Vi har desse ledige læreplassane frå august 2025:

    • Lærling i byggdriftarfaget
    • Lærling i service- og administrasjonsfaget
    • Lærling i veg- og anleggsfaget
    • Lærling i IT-driftsfag
    • Lærling i brannførebyggarfaget

    Søknadsfrist: Snarast

    Les meir og søk

    Vi gler oss til å høyre frå deg!

  • Tenker du på å gå i lære? Søk hos oss! Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

I Bjørnafjorden kommune legg vi vekt på eit godt og tilrettelagt læringsmiljø. Vi tar godt vare på deg gjennom heile læreløpet. Saman med instruktøren din planlegg du framdrifta i opplæringa, i samsvar med fagplanen din. 
Vi ønskjer at du skal kjenne på både utfordringar og meistring, og at du skal trivst med å vere lærling hos oss.

Så også: Bli lærling i Bjørnafjorden kommune