Skal vedta budsjett og økonomiplan

Bjørnafjorden kommunestyre skal i årets siste møte torsdag 19. desember klokka 14.00 vedta budsjett for 2025 og økonomiplan for åra 2025-2028.

Klubbe som ordførar kan bruke i behandling av saker. - Klikk for stort bilete Tingey Injury Law Firm/Unsplash

Budsjett og økonomiplan er den viktigaste saka i dette møtet og er på mange måtar den viktigaste saka kommunestyret vedtar i løpet av eit år.  
Sjå kommunedirektøren sitt forslag i Framsikt
Her finn du forslag til budsjett og økonomiplan frå ulike parti


Startar opp kommuneplanens arealdel

Ei anna stor og viktig sak er Kommuneplanens arealdel (KPA). Bjørnafjorden har ikkje ein KPA for heile kommunen, og arbeidet med ein KPA for heile Bjørnafjorden skal no starte opp. I samband med oppstart av dette planarbeidet, vil kommunen også utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald. 

I saka kommunestyret skal ta stilling til er det forslag om at formannskapet skal vere kommuneplanutval som skal behandle og innstille til kommunestyret både naturmangfaldsplanen og KPA for Bjørnafjorden.

Skal velje felles forliksråd

Kommunestyret har også andre saker behandling, mellom anna å opprette eit felles forliksråd for kommunane Austevoll og Bjørnafjorden. Bakgrunnen er at det vil gi forliksdommarane fleire saker å behandle. Det gir både auka rettssikkerheit for partane, og samtidig vil det bidra til betre ressursutnytting.

I innstillinga frå formannskapet er Per Olav Sørås foreslått som leiar av det felles forliksrådet og Karin Bøyum som medlem i rådet. Ingvild Vevle Chyba og Bernt Grimstvedt er foreslått som deira vararepresentantar. Austevoll kommune utnemner ein medlem med varamedlem til forliksrådet. I neste valperiode vil Austevoll kommune få leiaren.

Fritak og nyval

Leiar i PBM for Høgre, Roger Hoel, har varsla at han melder frå kommunen 21. desember. Han har derfor søkt om fritak frå sine politiske verv i Bjørnafjorden. Det gjer at kommunestyret må velje nye representantar til verva Hoel har hatt. Det gjeld mellom anna ny medlem og ny leiar i Plan-, bygg- og miljøutvalet, der Hoel har vore leiar.

Kvart år blir handlingsprogrammet for Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv behandla i desember, og handlingsprogrammet for 2025 kjem også til behandling i det siste møtet i 2024.

Skal vedta forskrifter

Kommunestyret skal vedta ei rekke forskrifter: 

  • Forskrift om barnehage og skulerute 2025/2026 
  • Forskrift om skulereglar i grunnskulen
  • Forslag til lokal forskrift om utsett frist for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret 

Kommunestyret skal også komme med høyringsuttale i eit forslag til nye regler om driftstilskot og pensjonstilskot til private barnehagar, vurdere kva for tenester som kan vere eigna for konkurranseutsetting, og behandle nytt finansreglement og avkastningsrapport for oktober.

Dessutan skal kommunestyret behandle ei detaljregulering for Stegen ein klage frå Trygge barnehagar om garanti for tilskot.

Sjå alle sakene til behandling i kommunestyret