Økonomiplanen tar utgangspunkt i dei langsiktige måla, strategiane og utfordringane i kommuneplanen, og fortel korleis kommunen skal bruke ressursane for å nå politisk vedtatte mål.
Årsbudsjettet er første året i økonomiplanen, og fortel korleis kommunen skal bruke inntektene sine for å gi tenester til innbyggjarane. Eit krav til budsjettet er at kommunen ikkje brukar meir til drift enn det kommunen mottar av inntekter same året.
I Bjørnafjorden kommune er det rammebudsjettering, som vil seie at politikarane vedtar dei økonomiske rammene for drifta på områdenivå. Kommunedirektøren fordeler så midlane til dei ulike tenestene.
Sjå også: Tertialrapportar og årsmeldingar
Sist endra09.12.2019 15.47