Skibussane i vinterferien er avlyst

Som følge av mildvær og lite snø må Eikedalen skisenter truleg halde stengt tysdag 25. februar. Derfor må vi dessverre avlyse skibussane frå Os og Eikelandsosen i vinterferien. 

Webkameraet i Eikedalen skisenter måndag føremiddag. Ikkje mykje skiføre att. Skjermknips frå eikedalen.no

Dei påmelde får beskjed, og skikort blir refundert

Alle påmelde får beskjed på sms/e-post. Dei som har kjøpt skikort til desse turane får pengane att, eller dei kan bruke skikortet ein annan gong.

Håpar på fine forhold i mars

Turane som er sett opp til kveldskøyring 6. mars (skibuss frå Eikelandsosen) og 20. mars (skibuss frå Os) går som planlagd, så sant det kjem snø i bakken.
Her finn du informasjon om påmelding til desse datoane