Sommarsending frå Info-TV

Legevakta og biblioteket er to ganske ulike kommunale tenester, men dei har likevel mykje felles. Både legevakt og bibliotek er for alle, begge held til både på Os og i Eikelandsosen, og dei har ope heile sommaren. 

I sommarsendinga frå Info-TV får vi først ei praktisk påminning om at legevakta er for alle, men ikkje for alt. Fagfolka forklarer korleis dei jobbar, og minner om at du alltid må ringe Bjørnafjorden legevaktsentral på 116 117 før du møter opp.  

I skuleferien kryr det av lånarar i barneskulealder på biblioteket. Sommarles, den årlege lesekampanjen for alle 1.-7. klassingar, har allereie 1000 deltakarar, og plass til fleire. Biblioteksjefen og sommarlesarane er einige om at det er mange gode grunnar til å lese bøker om sommaren.  

Du får òg sjå korleis du kan sørge for at du får sms-varsling frå kommunen dersom det skulle skje noko med vatn eller avløp på adressa di.  

Bjørnafjorden kommune ønskjer alle innbyggarar og sommargjester ein riktig fin sommar!

Sjå tidlegare Info-TV-sendingar her.