- Vi førebygger sjølvmord kvar dag

Maria Therese Bjørdal er konstituert einingsleiar for psykisk helse- og rustenester i Bjørnafjorden kommune. - Temaet sjølvmord rører ved det vanskelegaste og tyngste ved det å vere menneske - både for dei som vurderer eller tar sjølvmord, og for dei som står rundt og kjenner seg makteslause i ønsket om å hjelpe, seier fungerande leiar for psykisk helse- og rustenester i Bjørnafjorden kommune, Maria Therese Bjørdal.

- Eg forstår veldig godt at det vekker sterke kjensler når det kjem framlegg om å kutte i tenestene innan psykisk helse. Samstundes skal innbyggarane våre vere trygge på at vi jobbar systematisk med førebygging av sjølvmord og fremjing av god psykisk helse kvar einaste dag, i alle tenestene og tilboda våre. Og det skal vi halde fram med, seier Bjørdal.

Laurdag 10. september er verdsdagen for førebygging av sjølvmord.   
Les meir på leve.no

Kvart einaste sjølvmord er ein tragedie for den det gjeld, for familie og venner, og for lokalsamfunnet i Bjørnafjorden kommune. Den nasjonale handlingsplanen for sjølvmordsførebygging har nullvisjon for sjølvmord i Noreg, og legg til grunn eit verdisyn om at vi som samfunn ikkje har nokon å miste i sjølvmord.

Bjørnafjorden kommune har òg ein lokal handlingsplan for førebygging av sjølvmord.

Les og lær kva som finst

- Eg anbefaler alle som er engasjerte i temaet å lese handlingsplanen vår og setje seg inn i tenestene og tilboda vi har i kommunen - og kva for mål og retningslinjer vi jobbar etter. Vi jobbar heilskapleg og på tvers av sektorar. Når ein veit kva tilbod som finst, er det gjerne lettare å ta kontakt eller hjelpe andre med konkrete råd når ein står i ulike situasjonar, seier Bjørdal.

Ressursteam for sjølmordsførebygging

Ressursteamet for sjølvmordsførebygging er eit nyoppstarta tilbod. Oppgåva til teamet er oppfølging og gjennomføring av tiltak i handlingsplanen. Teamet skal også halde seg oppdatert på kunnskap innanfor fagområdet og samarbeide med nasjonale og regionale kompetansesenter og aktuelle frivillige samarbeidsaktørar.

Livet som løysing

Nullvisjonen i den nasjonale planen inneber at kommunane må arbeide meir kunnskapsbasert, systematisk og heilskapleg for å nå målet om å førebygge og redusere talet på sjølvmord.
- Handlingsplanen for førebygging av sjølvmord i Bjørnafjorden kommune peikar på kva vi kan gjere for å førebygge, slik at kommunen vår blir ein god stad å leve for alle - også når livet er vanskeleg og buttar imot. Når livet er tungt og mørkt, jobbar vi for at ingen skal velje å forlate livet, men heller velje livet som løysing, seier Bjørdal.

Førebygging er eit felles ansvar

- For å kunne fange opp medmenneske som slit med sjølvmordstankar tidleg nok, krev det at vi alle viser
kvarandre omsorg og har mot nok til seie ifrå, tilby hjelp og setje ord på bekymring når nokon signaliserer
at dei slit med sjølvmordstankar.
Den viktigaste sjølvmordsførebygginga skjer i lokalsamfunnet der vi bur, mellom menneske, og ikkje berre gjennom tiltak i helse- og omsorgstenestene. Kommunen og hjelpeapparatet har sjølvsagt eit stort og sentralt ansvar for å tilby hjelp og støtte. Samstundes er sjølvmordsførebygging ikkje noko som begynner først når nokon står i krise. Vi har alle eit ansvar for å skape eit samfunn som gjer det enklare å velje livet, oppmodar Bjørdal.

Les handlingsplanen for førebygging av sjølvmord i Bjørnafjorden kommune her. (PDF, 809 kB)

Treng du nokon å snakke med? 

Vil du snakke med nokon om korleis du har det? 
Du kan ringe både dei som jobbar med psykisk helse i kommunen, fastlegen din og ei lang rekke nasjonale støttetelefonar og chattenester.

Les meir