Treng du nokon å snakke med? Vi er her

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune Vil du snakke med nokon om korleis du har det? Du kan ringe både dei som jobbar med psykisk helse i kommunen, fastlegen din og ei lang rekke nasjonale støttetelefonar og chattenester.

Ring oss

Støttetelefonar og chattenester

Treng du nokon å snakke med? Det er mange som vil lytte, og fleire tilbod er døgnope. Du kan vere heilt anonym og alle tenestene er gratis.

Kirkens SOS 

Ring 22 40 00 40

Telefonen er open kvar dag, heile døgnet - uansett om det er helg, ferie eller heilagdag.

Du kan chatte anonymt med Kirkens SOS på www.soschat.no kvar dag frå 18.30-22.30 (fredag fram til 01.30)
Du kan også skrive ei SOS-melding via www.kirkens-sos.no. Du kan vere anonym og du får svar innan 48 timar.

Alarmtelefonen for barn og unge

Ring 116111 (døgnope)
116111.no kan du chatte direkte og heilt anonymt.

Mental Helse sin hjelpetelefon

Ring 116 123 (døgnope)
Ringer du hjelpetelefonen og tastar 2, kjem du til Foreldresupport

Chat-teneste og skriveteneste: sidetmedord.no (kl. 18-02, alle dagar)

Vald- og overgrepslinja

Ring 116006 (døgnope)

Her kan du sjå ei oversikt over fleire tilbod om du ønskjer å snakke med nokon 

IVARETA sin pårørandetelefon 

Ring 800 40 567 (kl. 9-15)
Eit anonymt lågterskeltilbod for deg som er berørt av rusbruk og psykiske helseutfordringar. Les meir om tilbodet