Kurs og kvalifisering

Informasjon om introduksjonsprogrammet og norskundervisning.

Introduksjonsprogrammet 

Nyankomne flyktningar mellom 18 og 55 år, som er busett etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), har rett til å delta på introduksjonsprogram. Nokre har òg plikt til å delta.  

Målet med programmet er å kvalifisere den enkelte til å bli økonomisk sjølvstendig gjennom utdanning og arbeid. Programmet blir tilpassa den enkelte deltakar og er heilårleg og som hovudregel på fulltid. Programmet varer frå tre månader til tre år, avhengig av deltakaren sin utdanningsbakgrunn og type opphaldsløyve.    

Her finn du informasjon om introduksjonsprogrammet på fleire språk (IMDi)

Norskkurs 

Å kunne forstå og gjere seg forstått på norsk er viktig for å finne seg til rette i Noreg. Derfor er norskundervisning ein viktig del av introduksjonsprogrammet. Norskkurs er òg eit tilbod til enkelte flyktningar som ikkje er i målgruppa for introduksjonsprogrammet, til dømes personar i aldersgruppa 55 til 67 år.  

Bjørnafjorden vaksenopplæring tilbyr undervisning i norsk og samfunnskunnskap til vaksne minoritetsspråklege. Les meir om vaksenopplæringa her.