Skulefritidsordninga (SFO)

SFO er eit tilbod før og etter skuletid og i nokre skuleferiar for barn i 1. til 4. årstrinn, og for barn med særskilde behov opp til 7. årstrinn. Alle barneskulane i Bjørnafjorden kommune har SFO-tilbod. 

Søk om plass, endre eller sei opp plass  

Om SFO i Bjørnafjorden 

SFO-tilbodet
  • SFO tilbyr 100 % plass (kl. 7.30-16.30.), 80 %, 60 % eller 40 % av heil plass.
  • Nokre skular tilbyr utvida tid, 7.00-7.30. Det er òg mogleg å kjøpe enkeltdag. Ta kontakt med skulen din for å høyre kva tilbod dei har.
  • SFO har hovudopptak i april for barna som startar på skulen i august, men du kan søke om plass heile året.
  • Barnet har plassen i SFO til dei går ut av 4. klasse eller seier han opp.
  • Barn med særskilde behov kan søke om SFO-plass til og med 7. klasse.
12 timar gratis SFO for 1., 2. og 3. trinn
  • Alle barn på 1. -3. trinn som går på SFO, får 12 timar trekt frå på prisen. (3. trinn frå og med 1. august 2024).
  • 12 timar SFO i veka er gratis. Tilbodet er fordelt før skulestart og etter at skulen er slutt for dagen. 
    Sjå kva som er gratis opphaldstid på SFO ved din skule 
    NB! Du må søkje om plass, sjølv om tilbodet er gratis.
  • Utvida tid på SFO må du framleis betale for.
  • Dersom du har søkt om redusert foreldrebetaling for SFO, har du rett på dette i tillegg.
  • Det er ikkje mogleg å kombinere fleire plasstypar. 
Skal du seie opp eller endre plassen?

Slik kan du seie opp eller endre SFO-plass:

Gå inn i søknadsportalen, vel "Mi side" og deretter "Mine plasseringer". 
Då får du opp kvar barnet ditt/barna dine har plass, og du kan endre eller seie opp plassen. 
Det er to månaders oppseiingstid frå den 1. i påfølgande månad for å seie opp eller endre plass i SFO.

SFO i skuleferiar
  • Skulefritidsordninga følgjer skuleruta.
  • I feriar er det open SFO ved ein skule på Fusa-sida av fjorden og ein skule på Os-sida, slik at elevar ved dei andre skulane kan nytta dette tilbodet.
    • Skulane har eiga påmelding til ferie-SFO.
    • Betaling for ferie-SFO kjem i tillegg til betaling for vanleg SFO.

Gå til ferieopen SFO

Prisar for SFO
Skulefritidsordning (SFO)
Satsar per månad 2023-24 Haust/vår 1.-2. trinn 2023-24 Haust/vår 3.-4. trinn 2024-25 Haust/vår 1.-3. trinn 2024-25 Haust/vår 4. trinn
100% (5 dagar), opphaldstid 07.30-16.30 kr 1290 kr 2955 kr 1340 kr 3070
100% (5 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00-07.30* kr 1620 kr 3265 kr 1680 kr 3400
80% (4 dagar), opphaldstid 07.30-16.30 kr 780 kr 2660 kr 810 kr 2770
80% (4 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00-07.30* kr 1070 kr 2910 kr 1120 kr 3030
60% (3 dagar), opphaldstid 07.30-16.30 kr 120 kr 2070 kr 130 kr 2150
60% (3 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00-07.30 * kr 360 kr 2260 kr 370 kr 2350
40% (2 dagar), opphaldstid 07.30-16.30  Gratis  kr 1480 Gratis kr 1540
40% (2 dagar), tillegg for utvida dag med opphaldstid 07.00-07.30 * kr 130 kr 1610 kr 130 kr 1670
Inntil 12 timer Gratis  NA  Gratis NA
* Den einskilde skule vurderer om dei kan gje tilbod om utvida dag.

 

Ferieopen SFO
Ferieopen SFO 2023-24 Haust/vår 1.-2. trinn 2023-24 Haust/vår 3.-4. trinn 2024-25 Haust/vår 1.-3. trinn 2024-25 Haust/vår 4. trinn
Pris per veke** kr 810 kr 1100 kr 845 kr 1150
Kjøp av enkelt dag kr 275 kr 275 kr 285 kr 285
Gebyr for for seint henta barn i SFO, per gong kr 470 kr 470 kr 490 kr 490
**To skular har tilbod om SFO i skuleferiar (haustferie, vinterferie, ei veke i juni og to veker i august).


Desse prisane blei vedtatt av Bjørnafjorden kommunestyre 11. mai 2023.
Faktura blir sendt ut kvar månad, med betalingsfrist i slutten av månaden.

Prisar for ferieopen SFO
Ferieopen SFO
Ferieopen SFO 2023-24 Haust/vår 1.-2. trinn 2023-24 Haust/vår 3.-4. trinn 2024-25 Haust/vår 1.-3. trinn 2024-25 Haust/vår 4. trinn
Pris per veke** kr 810 kr 1100 kr 845 kr 1150
Kjøp av enkelt dag kr 275 kr 275 kr 285 kr 285
Gebyr for for seint henta barn i SFO, per gong kr 470 kr 470 kr 490 kr 490
**To skular har tilbod om SFO i skuleferiar (haustferie, vinterferie, ei veke i juni og to veker i august).

Kontakt

Janne Martha Efteland Eik
Leder
Telefon: 93405978
Mobil: 93405978