Redusert foreldrebetaling i SFO

Ordninga med redusert foreldrebetaling i SFO sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.

I Bjørnafjorden kommune kostar 100 % plass i SFO 2955 kroner per månad for barn på 3. og 4. trinn. Dersom hushaldet si samla inntekt er under 492 500 kroner og barnet har 100% plass, kan du søke redusert foreldrebetaling i SFO.

Her finn du oversikt over prisar for ulike plasstypar i SFO

Søknaden gjeld frå vedtaksdato og til eleven er ferdig med 4. trinn. 
For SFO i haustferien, vinterferien og sommarferien er det eigne prisar. Moderasjonsordninga gjeld ikkje for ferieope SFO.  

Grunnlaget for vurdering av redusert foreldrebetaling i SFO er hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. 

Skal mor og far dele utgiftene til SFO?

Merk at dersom mor og far ber om å få delt faktura for SFO, t.d. 50/50, kan søkar si utgift til SFO bli mindre enn 6 % av den samla inntekta til hushaldet. I så tilfelle har ikkje søkar krav på redusert foreldrebetaling.
Her finn du informasjon frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) om ordninga med redusert foreldrebetaling.  

Går barnet på ein privat skule?

Redusert foreldrebetaling i SFO er regulert i forskrift til opplæringslova kapittel 1B om skulefritidsordninga. 
I rettleiaren til forskrifta går det fram at skulefritidsordningar som er godkjent etter friskulelova ikkje er omfatta av ordninga. Det betyr at dei som har barn med SFO-plass ved dei tre ikkje-kommunale skulane i Bjørnafjorden (Strandvik Montessoriskule SFO, Hålandsdalen Montessoriskule SFO og Vinnes Friskule SFO) ikkje kan søke eller få innvilga redusert foreldrebetaling i SFO.

Denne dokumentasjonen må du legge ved søknaden

På siste side av søknaden lastar du opp følgjande dokumentasjon:

  • Gjeldande skattemelding for foreldre som bur saman med barnet. Hugs å sende inn for begge foreldra, dersom begge bur saman med barnet.
  • Gjeldande skattemelding for ektefelle/sambuar til søkar, dersom denne bur i same hushald som barnet.
  • Er inntekta di endra sidan gjeldande skattemelding? I så fall må du òg sende dokumentasjon på dette.
    Døme: tre siste lønsslippar, dokumentasjon på ytingar frå NAV eller studentbevis.
  • Dersom du ikkje har skattemelding, må du legge fram gyldig opphaldsløyve.
  • Dersom inntekta di blir vesentleg endra i vedtaksperioden, må du sende inn ny søknad med dokumentasjon.

Viktig: 

  • Du må legge ved all dokumentasjon på lista, elles kan vi ikkje behandle søknaden din.
  • Du må merke alle vedlegga med personnummer og med teksten "Søknad om redusert foreldrebetaling i SFO"

Søk redusert foreldrebetaling i SFO

Kontakt

Siri Rådmannsøy
Sosialkurator
Mobil: 94986451
Olga Bjørge
Sosialkurator
Telefon: 41290918
Mobil: 41290918