Ferieope SFO

SFO i skuleferiar

Skulefritidsordninga følgjer skuleruta. Sjå skulerute for Bjørnafjorden-skulane

I feriar er det open SFO ved èin skule på Fusa-sida av fjorden og èin skule på Os-sida, slik at elevar ved dei andre skulane kan nytte dette tilbodet. Det er eiga påmelding til ferie-SFO.

Betaling for ferie-SFO kjem i tillegg til betaling for vanleg SFO. Elevar på 1. og 2. trinn har rett på reduksjon i pris, tilsvarande 12 timar, etter 1. august 2023.

Påmelding til ferieope SFO
Har du spørsmål om ferie-SFO? Ta kontakt med SFO-leiar på skulen din.