Vedtak av del av reguleringsendring for områdeplan Lyseparken

Bjørnafjorden kommunestyre vedtok den 3. april 2025 delområde KBA8 i endring av områderegulering for Lyseparken. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova §12-12 første avsnitt, jf. § 1-5, og § 12-13 første avsnitt. Reguleringsendringa har planID 20141601.

Frist for klage: 9. mai 2025

Det er altså berre delområde KBA8 det har blitt gjort vedtak av, og dette er tomta der Posten Bring skal etablera ny terminal. Området er vist i kartutsnittet av områdeplan for Lyseparken nedanfor.

 

Resten av forslaget til reguleringsendring som har vore ute til høyring, har fått motsegn frå Statsforvaltaren, Vestland Fylkeskommune og Statens vegvesen. Det kunne difor ikkje bli gjort vedtak av heile områdereguleringsplanen no.

 

Saksutgreiing kommunestyret sak 28/2025

Plankart Lyseparken 17.03.25 (PDF, 3 MB)

Føresegner Lyseparken 18.03.25 (PDF, 183 kB)

Planomtale Lyseparken 18.03.25 (PDF, 8 MB)

 

Alle dokument i saka finn du her: Sak 23/8069

Kartet over delområde KBA8 er lagt inn i kommunen sin planbase, og den kan ein sjå her: Kommunekart

 

Vedtaket kan påklagast. Fristen for å klage er den 9. mai 2025. Venlegast referer til saksnummer 23/8069 i klagen.

Klagen skal vera skriftleg og sendast til: 

Bjørnafjorden kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen 

eller post@bjornafjorden.kommune.no

Ver merksam på at merknaden din kan bli gjenstand for offentleg innsyn, i tråd med offentlegheitslova og arkivlovgiving.

Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket som følge av klagen blir klagen sendt til overordna forvaltningsorgan som er Statsforvaltaren i Vestland. 

Eventuelle krav om innløysing eller erstatning som følge av reguleringsplanen, jf. pbl § 15-2, må framsetjast innan 3 år frå kunngjering eller når busetnad er fjerna.