Skal du søkje om deling av grunneigedom (frådeling) eller skal eit firma søkje om rammeløyve i byggesaka di?
Dersom du skal søkje om deling av ein ny eigedom, eller eit firma skal søkje om rammeløyve på ein tidlegare frådelt eigedom (der vatn og avløp ikkje er sikra frå før), krev plan- og bygningslova at vatn og avløp skal vere sikra, før du kan få løyve.
- Før du kan søkje om dette, må du ha sikra deg tinglyste rettar om tilkopling til private fellesleidningar som du eventuelt treng å kople deg til. Alle som eig leidninga må skrive under på at du kan kople deg til. I avtalen må det kome fram korleis ansvaret for framtidig drift og vedlikehald skal ivaretakast.
- Du må innhente tinglyst rett til å gå over eventuelle naboeigedomar der du skal bygge ny leidning for å kome deg til der du skal kople deg på nettet/ev. vasskjelda.
Vatn:
- Sanitærtilkopling- offentleg vatn: I fall du skal kople deg til offentleg vatn, så gjeld denne søknaden som søknad om sanitærabonnement. Ved å få løyve til å kople seg til offentleg vatn, så er vatn sikra, slik føresegnene i plan- og bygningslova krev. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til offentleg vatn.
Privat vatn(større privat vassverk): Skal du kople deg til eit større privat vassverk, må du innhente tilkoplingsløyve frå vassverket. Ta kontakt med leiar for vassverket og innhent skriftleg løyve. Løyvet må leggast med når du søkjer i dette skjemaet. Større private vassverk må følgje reglane i drikkevassforskrifta og det er ikkje nødvendig med tinglyst rett til å kople seg til eit slik større vassverk. Du må sjå i vedtektene til vassverket kva som gjeld fellesleidningar, rettar og pliktar og kven som eig leidninga der du skal kople deg til. Punkt 1 og 2 gjeld og for alle større private vassverk.
Liste over større private vassverk:
Baldersheim Vassverk SA
Nordtveit Vassverk SA
Skjørsand og Fusa Vassverk SA
Strandvik og Vinnes Vassverk SA
Sævareid Vassverk
Privat vatn (små fellesvassverk) produksjon mindre enn 10 m3/døgn( dette utgjer maksimalt ca. 50 personar eller mellom 2-20 bueiningar). Skal du kople deg til eit eksisterande anlegg, må du innhente tinglyst tilkoplingsløyve frå registrert anleggseigar. Du må og innhente tinglyst løyve til at din eigedom får knyte seg til vassanlegget på den eigedomen der den ligg. I den avtala må det avklarast korleis ein skal dele ansvaret for dei felles private leidningane og anlegga (drift og vedlikehald). Punkt 1 og 2 gjeld og for alle små fellesvassverk.
Overflatevatn (t.d. elv, bekk, kjelde, vatn). Skal du etablere eit slik vassverk, må du ta vassprøve av kjelda og sende det inn til eit firma som er godkjent for å analysere drikkevassprøvar. Viss vatnet held god kvalitet, kan det brukast som drikkevatn. Etter etablering må ansvarleg eigar ta vassprøve av råvatnet og drikkevatnet (frå kran inne) ein gong i året og rapportere inn dette. Sjå lenke med meir informasjon: Informasjon til de minste vannforsyningssystemene (mattilsynet.no) Du må og registrere vassverket i Mattilsynet sin database for små fellesvassverk. Lenke for registrering finn du her: https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/drikkevann/registreringogplangodkjenning/slik_registrerer_du_smaa_vannforsyningssystem.29978
Grunnvatn Skal du bore etter vatn?
a) «Forskrift om oppgaveplikt ved brønnboring og grunnvannsundersøkelser», krev at det utarbeidast en rapport i samband med boring. Det er borefirmaet som er ansvarleg for å utføre dette, men opplysningsplikta til NGU skal alltid nemnast for boreselskapet før boring. Rapporten skal sendast inn innan 3 månader etter boring. Det skal registrerast i registeret over grunnvassbrønner (GRANADA).
b) § 27-1 i plan- og bygningslova krev at hygienisk og tilstrekkeleg vatn skal vere sikra før kommunen gir løyve til frådeling av ny tomt eller bygging på allereie eksisterande tomter. Vi godtar skriftleg stadfesting frå brønnselskap om at det er vatn av tilstrekkeleg mengde og kvalitet i området, basert på tidlegare grunnboringar i same grunnvasskjelde. Rapport som viser kvaliteten på vatnet (vassanalyse etter krava frå Mattilsynet) frå same kjelde må sendast inn til kommunen saman med søknad om sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA. Ein må og gjere søk i databasen for grunnforureining og sjå at det ikkje er registrert grunnforureining i tilsigsområdet for vatn i området ein skal bore. Lenke til kartteneste for grunnforureining finn du her: http://grunnforurensing.miljodirektoratet.no
3) Vi krev at det skal takast vassprøve av vatnet og at analyserapporten skal sendast inn ved innsending av "Søknad om sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA". Du må få analysepakke tilpassa privat borebrønn /grunnvatn. Her får du klarlagt vatnets bruksmessige kvalitet i tillegg til hygieniske kvalitet. Djupe grunnvassbrønnar kan være noko meir påverka av mineral og metall som kan påverke lukt, smak og farge enn en for overflatevatn (spesielt jern, mangan og kalk).
Privat vatn (enkeltvassforsyning): Gjeld anlegg med berre ein bueining kopla til. I fall ein har ein einebustad med to bueiningar (hovudhus og ei eiga bueining i til dømes kjellaren), er det reglane for små fellesvassverk som gjeld. Det gjeld same reglar for fritidsbustad. For enkeltvassforsyning er det eigar sjølv som har ansvar for at drikkevatnet er helsemessig trygt, klart, utan framtredande lukt, smak og farge. Du må ved etablering av vassverket levere vassprøve til analyse og legge med dokumentasjon til kommunen, som vis at drikkevatnet er hygienisk trygt. Plan- og bygningslova krev dette. Ta dei same prøvane som vert kravd for små fellesvassverk.
Avløp:
- Sanitærtilkopling- offentleg avløp: I fall du skal kople deg til offentleg avløp, så gjeld søknaden og som søknad om sanitærabonnement. Ved å få løyve til å kople seg til offentleg avløp, så er avløp sikra, slik føresegnene i plan- og bygningslova krev. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til offentleg avløp.
- Større privat avløpsanlegg over 50 pe (kap. 13- anlegg):
a) Eksisterande avløpsanlegg over 50 pe: Du kan søkje om å kople deg til eit eksisterande avløpsanlegg over 50 pe. Du må innhente tilkoplingsløyve frå eigar/eigarane av anlegget. Denne må tinglysast. Du må og innhente utsleppsløyve for anlegget du skal kople deg til, og ein oversikt over kva bueiningar som er kopla til anlegget frå før, som er planlagt tilkopla og kor mange pe kvar av bueiningane bruker av det som er godkjent i utsleppsløyvet. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til større privat avløp.
b) I fall du skal etablere eit nytt større privat avløpsanlegg over 50 pe, må du, før du leverer inn denne søknaden, følgje saksgongen her:
Etter § 2 i «Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg» (vass- og avløpsanleggslova), kan kommunen etter søknad gi løyve til samanslåing, vesentleg utviding av eksisterande private vass- og avløpsanlegg eller til etablering av nytt privat anlegg. Kommunen kan gi løyve viss det private anlegget er så langt frå offentleg eigd anlegg at §§ 27-1 eller 27-2 i plan- og bygningslova ikkje medfører krav om tilkopling til offentleg anlegg, eller at kostnadene ved å knyte seg til det offentlege anlegget vil vere uhøveleg store eller andre særlege omsyn talar for det.
Nye anlegg skal organiserast som andelslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal stillast særlege vilkår for løyvet. Ved samanslåing eller vesentleg utviding av eksisterande anlegg avgjer kommunen om det skal stillast særlege vilkår for løyvet. Når særlege omsyn talar for det, kan kommunen krevje at anlegget skal organiserast som andelslag eigd av brukarane.
Saksgang
Dette betyr at det også er søknadsplikt etter vass- og avløpsanleggslova for samanslåing, vesentleg utviding og etablering av nye private vass- og avløpsanlegg.
Trinn 1: Du må søkje på skjema « Søknad om private vass- og avløpsanlegg etter vass- og avløpsanleggslova». Saksbehandlingsfristen på denne søknaden er 4 veker.
Trinn 2: Vent på svar frå kommunen. I fall løyve gis, må firmaet som er godkjent for å søkje om utsleppsløyve etter kap. 13, søkje om utsleppsløyve. Du som privatperson kan ikkje søkje om utsleppsløyve. Sjå informasjon på heimesida om utsleppsløyve frå 50 pe.
Trinn 3: Hugs at tiltaket og må søkast om etter plan- og bygningslova. Før du kan søkje om løyve til bygging frå avdeling for byggesak, må du sende inn skjema "Sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA". Punkt 2 gjeld og for etablering større privat avløp.
Mindre privat avløpsanlegg under 50 pe (kap. 12- anlegg):
a) Eksisterande avløpsanlegg under 50 pe: Du kan søkje om å kople deg til eit eksisterande avløpsanlegg under 50 pe. Du må innhente tilkoplingsløyve frå eigar/eigarane av anlegget. Denne må tinglysast. Du må og innhente utsleppsløyve for anlegget du skal kople deg til, og ein oversikt over kva bueiningar som er kopla til anlegget frå før, som er planlagt tilkopla og kor mange pe kvar av bueiningane bruker av det som er godkjent i utsleppsløyvet. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til større privat avløp.
b) I fall du skal etablere eit nytt anlegg under 50 pe, må du før du leverer inn denne søknaden, ha søkt om og fått godkjent, utsleppsløyve. Utsleppsløyvet må leggast med når du søkjer om førehandsuttale sanitærtilkopling/privat VA. Sjå vår heimeside for meir informasjon om utsleppsløyve. Punkt 2 gjeld og for etablering av mindre privat avløp.
Gå til søknadsskjema
Krav til søknaden
- Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
- Vedlegg: Kart/situasjonsplan som viser tiltaket m.m.
- Vedlegg: Utsleppsløyve (viss eigedommen har/skal ha privat avløp)
Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter
Plan- og bygningslova, standard abonnementsvilkår
Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har tre veker saksbehandlingstid på komplett søknad.