Rettleiing til profesjonelle VA-aktørar

Sjå oversikt over kva krav som gjeld i ulike søknadsprosessar i Bjørnafjorden kommune.

Søknad om private vass- og avløpsanlegg etter vass- og avløpsanleggslova

Utgangspunktet i lova er at kommunen skal eige større vass- og avløpsanlegg. Etter søknad kan kommunen gje løyve til at private kan etablere vass- og avløpsanlegg.

Lova gjeld ikkje for mindre VA-anlegg. For vassforsyningsanlegg betyr det anlegg som ikkje er godkjenningspliktige til Mattilsynet, altså som forsyner mindre enn 20 bueiningar/hytter eller mindre enn 50 personar. For avløpsanlegg betyr det anlegg som faller inn under kapittel 12 i forureiningsforskriften, det vil si som er mindre enn 50 pe. Loven gjeld heller ikkje for anlegg for næringsvirksomhet eller for anlegg som er eigd av anna offentleg organ.

Etter § 2 i «Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg» (vass- og avløpsanleggslova), kan kommunen etter søknad gi løyve til samanslåing, vesentleg utviding av eksisterande private vass- og avløpsanlegg eller til etablering av nytt privat anlegg. Kommunen kan gi løyve viss det private anlegget er så langt frå offentleg eigd anlegg at §§ 27-1 eller 27-2 i plan- og bygningslova ikkje medfører krav om tilkopling til offentleg anlegg, eller at kostnadene ved å knyte seg til det offentlege anlegget vil vere uhøveleg store eller andre særlege omsyn talar for det.  

Nye anlegg skal organiserast som andelslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal stillast særlege vilkår for løyvet. Ved samanslåing eller vesentleg utviding av eksisterande anlegg avgjer kommunen om det skal stillast særlege vilkår for løyvet. Når særlege omsyn talar for det, kan kommunen krevje at anlegget skal organiserast som andelslag eigd av brukarane.

Søknadsskjema

Søk om utsleppsløyve

Pe= personekvivalentar, 

Maksimal belastning skal ligge til grunn for utrekning av talet på pe. Pe er antal personar som skal opphalde seg i bygninga. For bustad kan du telje antal sengeplassar på planteikninga for å finne ut talet på pe du må søkje om.  For større tiltak må pe-berekning leggast ved.

Alle bygg med innlagt vatn, som ikkje er kopla til offentleg avløp, skal ha godkjent utsleppsløyve. Ved bygging av nybygg med innlagt vatn, byting av anlegg eller endring av bruk (auka mengd) på eksisterande bygg, må du søke utsleppsløyve. Dette er fordi krava til reinsing eller dimensjon kan ha endra seg.

Utsleppsløyve fortel mellom anna kva som må til for at anlegget skal fungere som føresett etter gjeldande lovar, og unngå uheldig påverknad av utslepp på resipienten (nærmiljø). Det fortel óg om kor mange personekvivalentar (pe) utsleppet er godkjend for.

Regjeringa gav nye nasjonale føringar i 2019. Dei nye føringane inneber mellom anna at: «Alle avløpsanlegga i den enkelte kommune skal oppfylle forureiningsforskrifta sine reinsekrav slik at vi kan nå miljømåla innan 2027, og seinast innan 2033.» (Kjelde: Nye nasjonale føringar for vassforvaltninga - regjeringen.no)  Dette betyr at svært mange vil få krav om å utbetre sine private avløpsanlegg.

  • Dei som har bustad i nærleiken av offentleg avløpsleidning, vil få pålegg om å kople seg til offentleg anlegg i staden for å søkje om nytt utsleppsløyve og etablere nytt privat avløpsanlegg.
  • Dei som ikkje bur nært nok til offentleg avløpsleidning, vil få pålegg om å søkje om nytt utsleppsløyve. Dette vil ofte føre med seg at det må byggast nytt avløpsanlegg. Krava etter forureiningslova i dag er mykje strengare enn for nokre tiår sidan.

Merk at utsleppsløyvet gjeld heile anlegget, frå husvegg til resipient.

  • Ved påkopling til felles eksisterande privat utsleppsleidning må eigedommen ha eit eige utsleppsløyve og reinseanlegg.
  • Ved påkopling til felles privat reinseanlegg og utsleppsleidning må det føreligge skriftleg tinglyst avtale om påkopling til anlegget. Anlegget må ha ledig kapasitet. Viss reinseanlegget er dimensjonert for 12 einingar, men har eit utsleppsløyve for 9 einingar, må eining nr. 10−12 søke om utsleppsløyve.

Krav til søknad:

 

Før du sender søknad for utslepp av mindre avløpsanlegg under 50 pe ber vi deg lese lokal forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg. (PDF, 184 kB)

Her finn du informasjonen du treng for å søke om utslepp frå avløpsanlegg under 50 pe

Her finn du informasjonen du treng for å søke om utslepp frå avløpsanlegg over 50 pe

Merk at reinsekrava til mindre følsamt område berre gjeld når du kan etablere tett leidning til ein god sjøresipient. Dette er einaste gong slamavskiljar er godkjent.

Søk om VVA-førehandsuttale

VA-avdelinga i Bjørnafjorden kommune uttaler seg før/ved oppstart av reguleringsplanarbeid om veg, vatn, avløp og overvatn. Førehandsuttalen gir grunnlag for vidare arbeid med VA-rammeplanen, som skal inngå i alle reguleringsplanar og ligge til grunn for vidare detaljprosjektering.

Gå til søknadsskjema for VVA-førehandsuttale

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har fire veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

VA-rammeplan

VA-rammeplanen skal:

  • Gi prinsippløysingar for området
  • Vise samanheng med overordna hovudsystem
  • Dimensjonere og vise overvasshandtering og flaumvegar

Ein VA-rammeplan er ei beskriving av eksisterande og planlagd vass- og avløpsløysing, med ei tilhøyrande planteikning. Her finn du sjekkliste for VA-rammeplan. (PDF, 109 kB)

Nedbør skal fortrinnsvis finne avløp gjennom infiltrasjon i grunnen og i opne vassvegar. Reguleringsplanar skal identifisere og sikre areal for overvasshandtering, og beskrive korleis løysingane kan gi nye bruksmessige og visuelle kvalitetar til det offentlege rom.

VA-avdelinga skal godkjenne VA-rammeplan før han blir vedtatt som ein del av reguleringsplanen.

 

Rutinar og behandling av teknisk plan

I samband med bygging av anlegg for vassforsyning og avløpshandtering (VA), skal det etter krav i VA-norma for Bjørnafjorden kommune punkt 3.0, lagast ein teknisk plan. Kravet om teknisk plan gjeld for utbygging av fem eller fleire bueiningar/fritidseiningar og næringsområde. 

  • Den tekniske planen skal vise planlagde løysingar for VA og veg.
  • Vedlegg B2 til VA-norma, sjekkliste for teknisk plan og sluttdokumentasjon viser i hovudsak kva som skal vere med i ein teknisk plan.
  • Andre relevante tema kan òg vere aktuelle å ta med i ein teknisk plan.
  • Dersom det ligg inne ein godkjent VA-rammeplan i reguleringsplanen, skal ein følgje prinsippa  i denne.     

Saksgangen for ein teknisk plan er skildra under. Kommunen ønskjer å bli involvert i planlegginga av VA- og veganlegg så tidleg som råd. Kor mykje vi skal vere involverte i prosjekteringa, avheng av mellom anna storleik, kompleksitet, om kommunen skal overta leidningane og risiko i prosjektet 

Sjå sjekkliste VA for teknisk plan, sluttdokumentasjon og overtaking 

For spørsmål, ta kontakt med fagleiar VA.

Søknad om kapasitetstest - vatn

Kapasitetstest - vatn må hentast inn i før innsending av "Teknisk plan - førehandsuttale".

Kapasitetstest tas teoretisk eller fysisk og viser vassmengde i kommunalkum ved eit bestemt trykk. Kapasitetstesten skal brukes for å berekne sløkkevasskapasitet eller sprinklaranlegg til eit bygg.

OBS: Fysisk test koster 4000 kr eks. mva.

Søknadsskjema

Søknad om kapasitetstest - avløp

Kapasitetstest - avløp må hentast inn i før innsending av "Teknisk plan - førehandsuttale".

Kapasitetstest for avlaup vert utførd som teoretisk berekning

Søknadsskjema

Teknisk plan - førehandsuttale VA

I samband med bygging av anlegg for vassforsyning og avløpshandtering (VA), skal det etter krav i VA-norma for Bjørnafjorden kommune punkt 3.0, lagast ein teknisk plan. Kravet om teknisk plan gjeld for utbygging av fem eller fleire bueiningar/fritidseiningar og næringsområde. 

Det må òg gå fram av planen om eksisterande kommunale leidningar/anlegg må leggast om i samband med etableringa.  

I samband med bygging av fleirmannsbustader er det krav om ein vassmålar for kvar bueining. Sjå meir informasjon om vassmålarar under punktet Søknad om sanitærabonnement/ førehandsuttale privat VA.

Søknadsskjema: Teknisk plan - førehandsuttale frå Samferdsel og VA

Etter at bygginga er ferdig, må komplett sluttdokumentasjon sendast inn og godkjennast av VA-avdelinga før vi kan gi mellombels bruksløyve eller ferdigattest frå byggesak.
Bruk dette digitale skjemaet for ferdigmelding. Vel mellom anlegg med eller utan offentleg leidning.

Krav til søknaden:

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Vedlegg: Liste kjem fram i skjema for ferdigmelding

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter: Plan- og bygningslova med føresegner, standard abonnementsvilkår for vann og avløp, VA-norm for Bjørnafjorden kommune.

Saksbehandlingstid:
VA-avdelinga har fire 
veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Prosesskart: Når skal Samferdsel og VA vere involvert i reguleringsplan og teknisk plan?
Samferdsel og VA sin innvolvering i prosessen med reguleringsplan og teknisk plan

 

Bestill påvising av kommunale vass- og avløpsleidningar

Avdeling for VA i Bjørnafjorden kommune påviser berre installasjonar der vi er anleggseigar og har eigaransvar for drift eller framføringsveg for vass- og avløpsleidningar. Vi påviser ikkje private VA-leidningar eller andre typar private installasjonar.

Bestill påvising ved å sende e-post til: vva@bjornafjorden.kommune.no

For spørsmål om påvising, ta kontakt på telefon 95 78 36 37

Dispensasjon frå avstandskrav til offentleg leidning

Dersom det er behov for å søkje dispensasjon frå føresegn i Standard abonnementsvilkår for vann og avløp eller krav i byggesakslovgivinga, til dømes ved bygging av garasje utan søknadsplikt (SAK 10 kap. 4, § 4-1 bokstav a), må ein fylle ut dette skjemaet. Dette må skje i samarbeid mellom eigar(ar) av eigedom og ansvarleg røyrleggarfirma.

Om søknaden omfattar fleire/andre eigedomar, skal eigar(ar) av desse eigedomane også godkjenne og underteikne søknaden.

Søknad om dispensasjon er nødvendig i følgjande tilfelle:

  • Bygging nærare enn fire meter frå offentleg leidning (pkt 3.4 Standard abonnementsvilkår)
  • Bygging av frittståande bygg som ikkje er søknadspliktig (under 50 kvm på eigedom som er bygd på) nærare enn 4 meter frå offentleg leidning.
  • Alle tiltak som er søknadspliktige etter plan- og bygningslova og kjem i konflikt med offentlege leidningar. I byggesaka må det kryssast av i skjema om tiltaket er i konflikt med vass- og avløpsleidningar. Svar frå VA-avdelinga skal ligge ved byggesaka.
  • Oppfylling i terreng som kjem i konflikt med offentleg leidning.

Gå til søknadsskjema (DOCX, 69 kB)

Krav til søknaden:

  • Korrekt utfylt søknadsskjema
  • Vedlegg: Kart/situasjonsplan som viser tiltaket
  • Ev. planteikning som viser før- og ettersituasjon.

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter:
Plan- og bygningslovgivinga med føresegner, standard abonnementsvilkår for vatn og avløp

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har fire veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Prosessflyt - Frå frådeling til ferdig byggesak
Prosessflyt

 

Skal du søkje om deling av grunneigedom (frådeling) eller om rammeløyve i byggesaka?

Dersom du skal søkje om deling av ein ny eigedom, eller om rammeløyve på ein tidlegare frådelt eigedom (der vatn og avløp ikkje er sikra frå før), krev plan- og bygningslova at vatn og avløp skal vere sikra, før du kan få løyve.

  1. Før du kan søkje om dette, må du ha sikra deg tinglyste rettar om tilkopling til private fellesleidningar som du eventuelt treng å kople deg til. Alle som eig leidninga må skrive under på at du kan kople deg til. I avtalen må det kome fram korleis ansvaret for framtidig drift og vedlikehald skal ivaretakast.
  2. Du må innhente tinglyst rett til å gå over eventuelle naboeigedomar der du skal bygge ny leidning for å kome deg til der du skal kople deg på nettet/ev. vasskjelda. 

Vatn: 

  • Sanitærtilkopling- offentleg vatn: I fall du skal kople deg til offentleg vatn, så gjeld denne søknaden som søknad om sanitærabonnement. Ved å få løyve til å kople seg til offentleg vatn, så er vatn sikra, slik føresegnene i plan- og bygningslova krev. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til offentleg vatn. 

Privat vatn(større privat vassverk): Skal du kople deg til eit større privat vassverk, må du innhente tilkoplingsløyve frå vassverket. Ta kontakt med leiar for vassverket og innhent skriftleg løyve. Løyvet må leggast med når du søkjer i dette skjemaet. Større private vassverk må følgje reglane i drikkevassforskrifta og det er ikkje nødvendig med tinglyst rett til å kople seg til eit slik større vassverk. Du må sjå i vedtektene til vassverket kva som gjeld fellesleidningar, rettar og pliktar og kven som eig leidninga der du skal kople deg til. Punkt 1 og 2 gjeld og for alle større private vassverk. 

Liste over større private vassverk:   

Baldersheim Vassverk SA 

Nordtveit Vassverk SA 

Skjørsand og Fusa Vassverk SA 

Strandvik og Vinnes Vassverk SA 

Sævareid Vassverk                                                                                                   

Privat vatn (små fellesvassverk) produksjon mindre enn 10 m3/døgn( dette utgjer maksimalt ca. 50 personar eller mellom 2-20 bueiningar). Skal du kople deg til eit eksisterande anlegg, må du innhente tinglyst tilkoplingsløyve frå registrert anleggseigar. Du må og innhente tinglyst løyve til at din eigedom får knyte seg til vassanlegget på den eigedomen der den ligg. I den avtala må det avklarast korleis ein skal dele ansvaret for dei felles private leidningane og anlegga (drift og vedlikehald). Punkt 1 og 2 gjeld og for alle små fellesvassverk.                                                     

Overflatevatn (t.d. elv, bekk, kjelde, vatn). Skal du etablere eit slik vassverk, må du ta vassprøve av kjelda og sende det inn til eit firma som er godkjent for å analysere drikkevassprøvar. Viss vatnet held god kvalitet, kan det brukast som drikkevatn. Etter etablering må ansvarleg eigar ta vassprøve av råvatnet og drikkevatnet (frå kran inne) ein gong i året og rapportere inn dette. Sjå lenke med meir informasjon: Informasjon til de minste vannforsyningssystemene (mattilsynet.no)  Du må og registrere vassverket i Mattilsynet sin database for små fellesvassverk. Lenke for registrering finn du her: https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/drikkevann/registreringogplangodkjenning/slik_registrerer_du_smaa_vannforsyningssystem.29978     

Grunnvatn  Skal du bore etter vatn?
a) «Forskrift om oppgaveplikt ved brønnboring og grunnvannsundersøkelser», krev at det utarbeidast en rapport i samband med boring. Det er borefirmaet som er ansvarleg for å utføre dette, men opplysningsplikta til NGU skal alltid nemnast for boreselskapet før boring. Rapporten skal sendast inn innan 3 månader etter boring.  Det skal registrerast i registeret over grunnvassbrønner (GRANADA).

b) § 27-1 i plan- og bygningslova krev at hygienisk og tilstrekkeleg vatn skal vere sikra før kommunen gir løyve til frådeling av ny tomt eller bygging på allereie eksisterande tomter. Vi godtek skriftleg stadfesting frå brønnselskap om at det er vatn av tilstrekkeleg mengde og kvalitet i området, basert på tidlegare grunnboringar i same grunnvasskjelde. Rapport som viser kvaliteten på vatnet (vassanalyse etter krava frå Mattilsynet) frå same kjelde må sendast inn til kommunen saman med søknad om sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA. Ein må og gjere søk i databasen for grunnforureining og sjå at det ikkje er registrert grunnforureining i tilsigsområdet for vatn i området ein skal bore. Lenke til kartteneste for grunnforureining finn du her: http://grunnforurensing.miljodirektoratet.no

3) Vi krev at det skal takast vassprøve av vatnet og at analyserapporten skal sendast inn ved innsending av "Søknad om sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA". Du må få analysepakke tilpassa privat borebrønn /grunnvatn. Her får du klarlagt vatnets bruksmessige kvalitet i tillegg til hygieniske kvalitet.  Djupe grunnvassbrønnar kan være noko meir påverka av mineral og metall som kan påverke lukt, smak og farge enn en for overflatevatn (spesielt jern, mangan og kalk).  

Privat vatn (enkeltvassforsyning): Gjeld anlegg med berre ein bueining kopla til. I fall ein har ein einebustad med to bueiningar (hovudhus og ei eiga bueining i til dømes kjellaren), er det reglane for små fellesvassverk som gjeld. Det gjeld same reglar for fritidsbustad. For enkeltvassforsyning er det eigar sjølv som har ansvar for at drikkevatnet er helsemessig trygt, klart, utan framtredande lukt, smak og farge. Du må ved etablering av vassverket levere vassprøve til analyse og legge med dokumentasjon til kommunen,  som vis at drikkevatnet er hygienisk trygt. Plan- og bygningslova krev dette. Ta dei same prøvane som vert kravd for små fellesvassverk.  

Avløp:  

Text Box

  • Sanitærtilkopling- offentleg avløp: I fall du skal kople deg til offentleg avløp, så gjeld søknaden og som søknad om sanitærabonnement. Ved å få løyve til å kople seg til offentleg avløp, så er avløp sikra, slik føresegnene i plan- og bygningslova krev.  Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til offentleg avløp. 
  • Større privat avløpsanlegg over 50 pe (kap. 13- anlegg):  

a) Eksisterande avløpsanlegg over 50 pe: Du kan søkje om å kople deg til eit eksisterande avløpsanlegg over 50 pe. Du må innhente tilkoplingsløyve frå eigar/eigarane av anlegget. Denne må tinglysast. Du må og innhente utsleppsløyve for anlegget du skal kople deg til, og ein oversikt over kva bueiningar som er kopla til anlegget frå før, som er planlagt tilkopla og kor mange pe kvar av bueiningane bruker av det som er godkjent i utsleppsløyvet. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til større privat avløp. 

b) I fall du skal etablere eit nytt større privat avløpsanlegg over 50 pe, må du, før du leverer inn denne søknaden, følgje saksgongen her: 

Etter § 2 i «Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg» (vass- og avløpsanleggslova), kan kommunen etter søknad gi løyve til samanslåing, vesentleg utviding av eksisterande private vass- og avløpsanlegg eller til etablering av nytt privat anlegg. Kommunen kan gi løyve viss det private anlegget er så langt frå offentleg eigd anlegg at  §§ 27-1 eller 27-2 i plan- og bygningslova ikkje medfører krav om tilkopling til offentleg anlegg, eller at kostnadene ved å knyte seg til det offentlege anlegget vil vere uhøveleg store eller andre særlege omsyn talar for det.     

Nye anlegg skal organiserast som andelslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal stillast særlege vilkår for løyvet. Ved samanslåing eller vesentleg utviding av eksisterande anlegg avgjer kommunen om det skal stillast særlege vilkår for løyvet. Når særlege omsyn talar for det, kan kommunen krevje at anlegget skal organiserast som andelslag eigd av brukarane. 

Saksgang 

Dette betyr at det også er søknadsplikt etter vass- og avløpsanleggslova for samanslåing, vesentleg utviding og etablering av nye private vass- og avløpsanlegg. 

Trinn 1: Du må søkje på skjema « Søknad om private vass- og avløpsanlegg etter vass- og avløpsanleggslova». Saksbehandlingsfristen på denne søknaden er 4 veker. 

Trinn 2: Vent på svar frå kommunen. I fall løyve gis, må firmaet som er godkjent for å søkje om utsleppsløyve etter kap. 13, søkje om utsleppsløyve. Du som privatperson kan ikkje søkje om utsleppsløyve. 

Trinn 3: Hugs at tiltaket og må søkast om etter plan- og bygningslova. Før du kan søkje om løyve til bygging frå avdeling for byggesak, må du sende inn skjema "Sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA". Punkt 2 gjeld og for etablering større privat avløp. 

 Mindre privat avløpsanlegg under 50 pe (kap. 12- anlegg):  

a) Eksisterande avløpsanlegg under 50 pe: Du kan søkje om å kople deg til eit eksisterande avløpsanlegg under 50 pe. Du må innhente tilkoplingsløyve frå eigar/eigarane av anlegget. Denne må tinglysast. Du må og innhente utsleppsløyve for anlegget du skal kople deg til, og ein oversikt over kva bueiningar som er kopla til anlegget frå før, som er planlagt tilkopla og kor mange pe kvar av bueiningane bruker av det som er godkjent i utsleppsløyvet. Punkt 1 og 2 gjeld og for tilkopling til større privat avløp. 

b) I fall du skal etablere eit nytt anlegg under 50 pe, må du før du leverer inn denne søknaden, ha søkt om og fått godkjent, utsleppsløyve. Utsleppsløyvet må leggast med når du søkjer om førehandsuttale sanitærtilkopling/privat VA. Sjå vår heimeside for meir informasjon om utsleppsløyve. Punkt 2 gjeld og for etablering av mindre privat avløp.  

Gå til søknadsskjema

 

Krav til søknaden

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Vedlegg: Kart/situasjonsplan som viser tiltaket m.m.
  • Vedlegg: Utsleppsløyve (viss eigedommen har/skal ha privat avløp)

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter

Plan- og bygningslova, standard abonnementsvilkår

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har tre veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Skal du søke om igangsettingsløyve (IG) eller om løyve i eitt trinn i byggesaka?

Informasjon ved søknad om igangsettingsløyve eller løyve i eit trinn i byggesaka:

Før byggesaksavdelinga i Bjørnafjorden kommune kan gje igangsetjingsløyve eller løyve i eit trinn i byggesaka, må VA-avdelinga gje ein førehandsuttale om detaljprosjekteringa av VA-løysinga. I denne fasen må all prosjektering vere ferdig og sendt til VA-avdelinga. Hugs å legg med kart i målestokk 1:500 med tydeleg innteikna leidningstrasè og anlegg. Svaret frå VA-avdelinga skal ligge ved når du søkjer byggesaksavdelinga om:

  • Igangsetjingsløyve
  • Løyve i eit trinn i byggesaka

Lenke til søknadsskjema

Søk om sanitærabonnement/førehandsuttale privat VA

Søk ved:

  • Frådeling av eigedom
  • Tilknyting til offentleg vatn og/eller avløp i Bjørnafjorden kommune (nybygg eller tilknyting av eksisterande bygningar)
  • Etablering av private VA-anlegg
  • Omlegging av VA-anlegg
  • Arbeid som har konsekvens for vatn- og avløpsnettet (etablering som har stort forbruk av vatn eller spesielle påslepp på nettet)
  • Arbeid som kjem i konflikt med offentleg leidningsanlegg (her må det óg søkast om dispensasjon)

Vassmålar

Det er krav om vassmålar for:

a) alle nybygg (med igangsetttingsløyve etter 2016)

b) alle bygningar eller delar av bygning som ikkje blir nytta til bustadformål

c) mellombelse abonnentar

d) vassuttak utan at vatn er lagt inn i bygning, og vassuttak for ubygd eigedom

e) bustader med basseng, fontene m.m.

f) sprinklaranlegg

I fleirmannsbustader skal det vere éin vassmålar for kvar bueining.

Meir informasjon og lenke til digitalt vassmålarskjema

Ta kontakt på e-post hilkib@bjornafjorden.kommune.no for informasjon om bestilling av vassmålar.

Løyve til sanitærtilkopling/svar på førehandsuttale privat VA frå VA-avdelinga må ligge ved søknaden til byggesaksavdelinga om frådeling, rammeløyve, igangsettingsløyve eller søknad om tiltak i eitt trinn.

Her finn du digitalt søknadsskjema

Krav til søknaden 

Lista er ikkje uttømmande

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Kart over private stikkleidningar, private fellesleidningar og tilknytingspunkt til kommunal leidning eller anna privat anlegg
  • Utsleppsløyve (viss eigedomen har eller skal ha privat avløp)
  • Tilkoplingsløyve til eksisterande private vass- og avløpsanlegg. Mange av desse må tinglysast før innsending
  • Tinglyst skriftleg avtale dersom det blir påkopling til felles privatleidningar
  • Tinglyst skriftleg avtale dersom leidningar eller privat avløpsanlegg kjem inn på annan manns eigedom

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter

Plan- og bygningslova, standard abonnementsvilkår, va-norm, forureiningslova, forureiningsforskrifta, lokal forskrift i Bjørnafjorden for kap. 12 anlegg

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har tre veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Søk om ferdigmelding for VA-arbeid/teknisk plan

Når ein eigedom er tilknytt vatn og/eller avløp eller det er utført arbeid på privat VA anlegg, må du sende inn ferdigmelding for VA-arbeid.  
Dette gjeld alt som blir søkt om via skjemaet Sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA eller Teknisk plan – førehandsuttale VA. Arbeidet utvendig skal vere ferdig. Ferdigmeldinga til VA-avdelinga skal vere godkjent før eit bygg eller anlegg får mellombels bruksløyve eller ferdigattest frå byggesaksavdelinga.

Hugs å søkje om ferdigmelding i god tid. Saksbehandlingstida på søknaden er fire veker.

Utførande føretak skal sende inn dokumentasjon på endeleg plassering av tiltaket, og nødvendig tekniske data til VA-avdelinga i kommunen. Gjer dette så snart tiltaket er ferdig.

Krav til dokumentasjon:

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Kart over private stikkleidningar, private fellesleidningar og tilknytingspunkt til kommunal leidning
  • Informasjon om tiltaket si plassering skal anten skje ved innmålte koordinatverdiar, eller ved korrekt innteikning på VA-leidningskart i målestokk 1:500. Kart med innmålte stikkleidningar, ev. private fellesleidningar og tilknytingspunkt. Stoppekran skal vere innmålt frå hushjørne.
  • Legg ved skjemaet Registrering av vassmålar for tilkopling til offentleg vatn på eigedomar som krev det. Koplar du deg til offentleg avløp, er det krav om vassmålar også for privat vatn.
  • Vilkår i Løyve sanitærtilkopling/godkjenning privat VA og ev. utsleppsløyve må vere følgde.
  • Gyldig serviceavtale for minireinseanlegg dersom eigedomen er knytt til eit privat minireinseanlegg.
  • Utsleppsløyve (viss eigedommen har privat avløp og søkjer om offentleg vatn eller avløp).

Skriftlege avtalar skal vere tinglyste, og sendast inn til kommunen (gjeld saker som i ein overgangsperiode ikkje har gjort dette før godkjenning).

  • Tinglyst skriftleg avtale dersom det blir påkopling til felles privatleidningar.
  • Tinglyst skriftleg avtale dersom leidningar eller privat avløpsanlegg kjem inn på annan manns eigedom.

Søk om ferdimelding for VA-arbeid/teknisk plan 

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter

Plan- og bygningslova, standard abonnementsvilkår, va-norm, forureiningslova, forureiningsforskrifta, lokal forskrift i Bjørnafjorden for kap. 12 anlegg

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har fire veker saksbehandlingstid på komplett søknad som gjeld teknisk plan og tre veker for andre søknadspliktige tiltak.

Ferdigmeldinga må vere sendt inn i god tid før søknad om mellombels bruksløyve eller ferdigattest på bygg.

Prosesflyt: Bruksendring, nye bueiningar, tilbygg, påbygg
Prosesskartet viser kva tiltak VA-avdelinga skal vere involvert i. - Klikk for stort bilete

 

Søk om uttale frå VA-avd. om bruksendring/nye bueiningar/tilbygg/påbygg

VA-avdelinga må gi uttale når du skal endre bruken av eit eksisterande bygg, bygge tilbygg, påbygg eller bygge nye bueiningar.
Skjemaet skal berre nyttast når det ikkje skal gjerast nokon tiltak på det utvendige leidningsanlegget. Skal du gjere tiltak på det utvendige anlegget, må du nytte skjemaet «Sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA».

Vår godkjenning/uttale må ligge ved søknaden om byggeløyve. I nokre tilfelle vil det ikkje vere nødvendig å vente på svar frå oss. Då vil du i staden få eit automatisk svar frå oss som du skal legge ved søknaden om byggeløyve. Dersom tiltaket ikkje er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, er det vårt svar som gjeld som løyve.

Ved bruksendring vil det bli krav om å montere vassmålar. Etablering av nye bueiningar utløyser óg krav om montering av vassmålar. Tilbygg på bustad som ikkje har vassmålar frå tidlegare, medfører ikkje krav om installering av vassmålar.

Her finn du digitalt søknadsskjema

Krav til søknaden

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Vedlegg: Kart/situasjonsplan som viser tiltaket
  • Planteikning som viser endringane
  • Vedlegg: Utsleppsløyve (viss eigedomen har privat avløp)

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter

Sjå: Plan- og bygningslova med føresegner, standard abonnementsvilkår

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har tre veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Send røyrleggarmelding

Denne søknaden må du sende inn før du gjer tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova, men etter «Standard abonnementsvilkår". 
Det er berre røyrleggar på vegner av eit føretak registrert i Brønnøysundregisteret som kan søkje om røyrleggarmelding.

Alle nye vass- og avløpsanlegg (private stikkleidningar, private fellesleidningar og offentlege leidningar) er søknadspliktige etter plan- og bygningslova og må søkast om til avdeling for byggesak. For søknadspliktige tiltak må du nytte skjemaet Sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA

Du må sende inn røyrleggarmelding ved:

  • Reparasjonar ved røyr- og leidningsbrot.
  • Utkopling slamavskiljar
  • Lokal drenering
  • Drenskum
  • Utskifting/utbetring av olje- og feittutskiljar
  • Plugging av eksisterande leidning
  • Brakkerigg/mellombels tiltak som ikkje er søknadspliktig etter pbl (må meldast både ved oppstart og avslutning)
  • Fjerning av olje- og feittutskiljarar (nedlegging av drift som krev utskiljar)
  • Tiltak som krev dispensasjon frå Standard abonnementvilkår eller føresegner i plan- og bygningslovgivinga

Røyrleggarmelding skal godkjennast på førehand for arbeid som gjeld:

  • Tilkopling av brakkerigg/mellombels tiltak
  • Arbeid som medfører stenging/sperring på offentleg leidning
  • Alle dispensasjonar frå Standard abonnementsvilkår eller føresegner i plan- og bygningslova

Send røyrleggarmelding

Krav til søknaden/meldinga

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Situasjonsplan som viser kva som skal utførast

Lover, forskrifter, retningslinjer og vedtekter

Plan- og bygningslova med føresegner, standard abonnementsvilkår, forskrift om vass- og avløpsgebyr i Bjørnafjorden kommune.

Saksbehandlingstid: VA-avdelinga har 3 veker saksbehandlingstid på komplett søknad.

Kontakt

Hilde Anita Kibsgaard
Ingeniør
Mobil: 90833805
Odd-Helge Henriksen
Rådgjevar
Mobil: 90577430