Sjå ledige stillingar
Ein trygg og imøtekommande arbeidsplass
Du blir tatt godt imot som arbeidstakar i Bjørnafjorden kommune. Ein trygg og god start på ein ny arbeidsplass er viktig for å trivast og oppleve meistring i ein ny jobb.
Introduksjonsprogrammet vårt “Ein sterk start” sikrar nettopp dette, og er eit oppfølgingsløp som følger deg heilt til du er ein integrert del av organisasjonen.
I Bjørnafjorden kommune har vi òg eit fadderprogram som sikrar deg tilgang på støtte, avklaringar og informasjon i jobben din. Dette gjer det lettare å bli kjent med kollegaer, sette seg inn i arbeidsmåtar og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø.
«Eg blir veldig godt ivaretatt. Folk viser stor glede i jobben, og det er veldig godt arbeidsmiljø på alle avdelingar eg jobbar på. Haldningar betyr mykje, og eg synest alle bidrar godt til dette og skapar eit sterkt og engasjert miljø.»
– Rasma Jatkauskiene, sjukepleiar
Korleis er det å jobbe som sjukepleiar i Bjørnafjorden kommune? Les meir her
Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
Eit variert arbeid med meining
Helse- og velferdssektoren i Bjørnafjorden kommune er sett saman av eit svært breitt utvalg av tenester og fagområde.
Helse- og velferdssektoren omfattar mellom anna ansvar for heimesjukepleie og heimehjelp, bu- og behandlingstenester i sjukeheim, fysio- og ergoterapitenester, legevakt og legeteneste, støttekontakt, avlasting og psykisk helse- og rustenester. Mangfaldet av oppgåver og faggrupper er stort.
Saman med flinke kollegaer kan du sjå forskjellen du utgjer for lokalsamfunnet kvar einaste dag, og du blir ein høgt verdsett ressurs.
Sjå ledige stillingar
Ein helsesektor i teknologisk utvikling
Bjørnafjorden kommune ønsker å utvikle helsetenestene ved bruk av velferdsteknologi og andre moderne hjelpemiddel.
Vi er del av forskningsprosjektet INCA i samarbeid med Bergen kommune, Kunnskapskommunen, Senter for omsorgsforskning og Norce Samfunn/Helse Rogaland. Prosjektet skal sjå på korleis vi kan bruke teknologi for å gi folk høve til å bu i eigen bustad så lenge som mogleg.
Bjørnafjorden kommune vann Huskeprisen 2021 for arbeidet med å digitalisere livshistoria til personar med demens. Dette prosjektet skal vidareførast, og kjem til å bli eit godt verktøy i demensomsorga.
Arbeidsplassane
Bjørnafjorden kommune har ei rekke arbeidsplassar og tenester innan helse- og velferdssektoren.
Du kan lese meir om våre to største bu- og behandlingssenter her:
Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS)
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS)
Sjå ledige stillingar
Bli lærling hos oss
Vi har læreplassar innan helsefag med gode vilkår for læring og oppfølging.
Les meir om læreplassar i Bjørnafjorden kommune