Fusa bu- og behandlingssenter

Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) tilbyr opphald på sjukeheim og rehabilitering til brukarar som treng pleie og omsorg heile døgnet over kortare eller lengre tid.

Vi har 36 sjukeheimsplassar, fire omsorgsbustader, kjøkkendrift, vaskeri og reinhald.

Avdelingar

  • Langtidsavdelinga: 12 plassar
  • Korttids-/rehabiliteringsavdelinga: 12 institusjonsplassar på senteret, pluss èi øyeblikkeleg hjelp-seng (ØH). Avdelinga er tiltenkt brukarar med behov for kortare opphald, rulleringsopphald eller rehabilitering.
  • Avdeling for aldersdemente A og B: To små avdelingar med åtte rom i kvar

Sansehagen

Sansehagen er knytt til avdeling for aldersdemente, og er ein oase som gir høve til gode opplevingar for mange. Her kan pasientane hente egg i hønsehuset, sjå blomane i beda og vere med på aktivitetar som bålbrenning i grua, plenklipping og saging. Målet er at hagen skal vere ein hyggeleg stad med mange opplevingar som stimulerer sansane, både for pasientar og pårørande.

Sansehagen har ei styringsgruppe med representantar for tilsette ved Fusa bu- og behandlingssenter, Fusa Lions og Fusa hagelag.

Vil du gjere ein frivillig innsats på FBBS?

Er du med i eit lag eller ein organisasjon som vil opptre på Fusa bu og behandlingsenter, eller kan du tenke deg å kome og underhalde som privatperson? 

Fusa hagelag og Lions Club Fusa er med og steller hagen og uteområdet. Fleire kan gjerne bidra.  

På FBBS har vi mange ulike tilbod og aktivitetar for bebuarar i fellesareala våre. Du kan bli pasientven, og hjelpe til med å arrangere bingo og konsertar. Vi set òg pris på besøk frå babysonggrupper, barnehagar, elevar frå barne- og ungdomsskule og vidaregåande. 

Vil du bidra som frivillig? Ta kontakt med Monica Bolstad på telefon 90146856.

Kjøkkenet

Kjøkkenet lagar mat til dei som bur på senteret, til heimebuande og til dagsentra.

Her finn du oss

Senteret ligg på Leitet i Eikelandsosen med utsyn over Eikelandsfjorden.

Sjå FBBS på kartet

Søk om plass

Kontakt

Fusa bu- og behandlingssenter
Telefon: 56580200