Som nytilsett er det viktig å føle seg trygg i jobben, på kollegaer og arbeidsoppgåver, og vi har derfor fleire ordningar som skal sikre dette.
Sjå ledige stillingar
Ein sterk start
Introduksjonsprogrammet vårt “Ein sterk start”, er eit oppfølgingsløp som følger deg heilt til du er ein integrert del av organisasjonen. Dette betyr at oppfølginga ikkje er tidsavgrensa, men tilpassa ditt tempo.
I Bjørnafjorden har vi òg eit fadderprogram som sikrar deg tilgang på støtte, avklaringar og informasjon i jobben din. Dette gjer det lettare å bli kjent med kollegaer, sette seg inn i arbeidsmåtar og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø.
Er du nyutdanna sjukepleiar? Høyr korleis det var for nyutdanna Elisabeth å starte i ny jobb i Bjørnafjorden:
Eit yrke i utvikling
Bjørnafjorden har eit stort spekter av behandlings- og helsetilbod. Vi tilbyr mange spennande stillingar innan sjukepleiaryrket, der du får jobbe med menneske i forskjellige livsfasar og med mange ulike diagnosar.
Moderne omsorg
Bjørnafjorden kommune ønsker å utvikle helsetenestene ved bruk av velferdsteknologi og andre moderne hjelpemiddel.
Vi er del av forskningsprosjektet INCA i samarbeid med Bergen kommune, Kunnskapskommunen, Senter for omsorgsforskning og Norce Samfunn/Helse Rogaland. Prosjektet skal sjå på korleis vi kan bruke teknologi for å gi folk høve til å bu i eigen bustad så lenge som mogleg.
Bjørnafjorden kommune vann Huskeprisen 2021 for arbeidet med å digitalisere livshistoria til personar med demens. Dette prosjektet skal vidareførast, og vil bli eit godt verktøy i demensomsorga.
Du kan lese meir om prosjektet og verktøyet MinMemoria her:
Meir MinMemoria i demensomsorga i Bjørnafjorden
Sjå ledige stillingar
Korleis er det å jobbe i heimesjukepleia i Bjørnafjorden kommune?
Stab og heiltidskultur
For å kunne møte krav og forventningar på ein god og effektiv måte, arbeider vi med å organisere sjukepleiarar i stab der det lar seg gjere. Dette sikrar ei god og trygg organisering av til dømes sjukeheimen.
Vi jobbar òg med heiltidskultur i kommunen.
Arbeidsplassane
Bjørnafjorden kommune har ei rekke arbeidsplassar og tenester innan helse- og velferdssektoren.
Les meir om våre to største bu- og behandlingssenter her:
Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS)
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS)
Sjå ledige stillingar
«Dagane er svært varierte. Nokre er travle, nokre er rolegare, men alle består av mange ulike og spennande oppgåver.»
– Rasma Jatkauskiene, sjukepleiar
Om Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune ligg i idyllisk fjordlandskap, 15 minutt køyretur sør for Bergen.
Les meir om korleis det er å jobbe i Bjørnafjorden