Helsing frå skulesjefen

Ein lang sommarferie med sol, regn og late dagar er snart over. Eg håpar alle har fått samla mange fine sommarminne til å ta med inn i hausten. Neste veke er vi tilbake til tidlege morgonar og kjekke kvardagsaktivitetar. Velkommen til eit nytt skuleår!

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Skulestart er spennande for alle  

Det er nok mange barn, ungdommar og føresette – og ikkje minst lærarar – som er spente på kva det nye skuleåret har å by på. Det er mykje nytt for alle. Ny kvardag betyr nye vener, nye rutinar, nye fag og nye opplevingar. 

Alle som jobbar på skulane i Bjørnafjorden har òg forventingar til det nye året. Både nye og «gamle» tilsette planlegg og førebur seg for å gi store og små best mogeleg undervisning og ein trygg kvardag. Eg ønsker dei lukke til med verdas viktigaste jobb.

Skulerute for skuleåret 2024/25

Første skuledag er måndag 19. august. 
Sjekk nettsidene til skulen din for informasjon om oppmøtetider og -stader for dei ulike trinna.
Her finn du lenker til alle barne- og ungdomsskular i Bjørnafjorden kommune.

Stor leseglede

Har du lese ei god bok i ferien? Eg har lese fleire bøker, både krim og romaner.  Det er kjekt å sjå at rekordmange har deltatt i biblioteket sin lesekampanje Sommarles. Heile 1152 bjørnafjordingar mellom 6 og 12 år er med i år. Elevane har lese imponerande 14 478 bøker sidan 1. juni, og fleire skal det bli før kampanjen er slutt 31. august. Lesegleda blir med inn i kvardagen, for alle skulane våre skal ha lesing i fokus heile det komande skuleåret. Det blir kjekt!  

Ny opplæringslov

Frå 1. august 2024 gjeld ny opplæringslov i Noreg. Mykje i lovverket er likt, og vi kjenner det godt, men lova har blitt meir strukturert etter tema og nye ord er lagt til. Den nye lova legg blant anna endå meir vekt på medverknad og plikt til å følge opp fråvær. Spesialundervisning er delt opp i individuelt tilrettelagt  opplæring, personleg assistanse og fysisk tilrettelegging. 

Du kan lese meir om endringane her: Dei viktigaste endringane i ny opplæringslov | udir.no

Nasjonal anbefaling om mobilbruk

I februar kom regjeringa med ei ny anbefaling om mobilbruk i grunnskule og vidaregåande skular. Kunnskapsministeren er tydeleg på at mobilreglar skal vere ein del av ordensreglementet i kvar kommune. Anbefalinga omfattar òg smartklokker og andre digitale einingar. Grunnskulane i Bjørnafjorden følgjer anbefalinga.

Utdrag frå Utdanningsdirektoratet si anbefaling:

Barnetrinnet

Udir anbefalar å strengt regulere bruk av private mobiltelefonar og smartklokker i undervisninga og friminutta på barnetrinnet (1.-7. trinn).
Elevene sin modenheit, sosiale kompetanse og evne til sjølvregulering er lavast tidleg i skuleløpet. For å skape ro og orden og eit trygt og godt skulemiljø er det ekstra behov for tydelege og føreseielege reglar på barnetrinnet.

Ungdomstrinnet

Udir anbefalar å strengt regulere bruk av private mobiltelefoner og smartklokker i undervisninga i ungdomsskuletrinnet (8.-10. trinn), og at det som hovudregel bør vere mobilfritt også i friminutta. 
Sjølv om elevane på ungdomstrinnet er eldre enn barneskuleelevane, tilseier omsynet til færre forstyrringar og styrka skulemiljø, streng regulering.

Du kan lese heile anbefalinga og rettleiaren her:
Ny nasjonal anbefaling: Mobilfrie klasserom på alle nivå - regjeringen.no

Trygt skulemiljø

Det er ein stor overgang å begynne på skulen. Vi som jobbar i og med skulane i Bjørnafjorden er veldig opptatt av at alle skal få ein så god og trygg overgang mellom trinn og skular som mogleg. Alle elevar skal ha det trygt på skulen. Å vere inkludert i eit fellesskap er eit viktig grunnlag for at kvar ein av dykk skal kunne lære. Om du opplever å ikkje vere trygg, meld frå til skulen slik at dei kan sette inn gode tiltak. For at vi skal få til det, er eit godt samarbeid mellom skulen og heimen heilt avgjerande.

I 2022 fekk skulane nytt felles ordensreglement, som vi òg følgjer i skuleåret 2024-25. Elevar, føresette og tilsette i skulen skal bli godt kjent med reglementet. Nokre reglar er litt ulike frå skule til skule, spesielt rutinar knytt til skyss og bruken av  skuleområdet. Kvar skule er unik og treng tilpassa reglar, slik at alle elevar er trygge der dei ferdast.

Vi gler oss til å sjå deg!

Uansett kva for eit trinn du startar på, har du nye opplevingar å sjå fram til. Det er ei glede for meg og Bjørnafjorden kommune å ønske nettopp deg velkommen til skulestart! 

Beste helsing Janne M.E. Eik
Fagsjef skule i Bjørnafjorden kommune