Korleis snakke med barn og unge om skremande nyhende og nettvett?

Konfliktar og krig pregar nyhendebiletet, og sosiale medium spelar ei ny og stor rolle.

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Plattformar som Instagram og TikTok viser no filmar med krigshandlingar. Både ekte og forfalska videoar viser innhald med drepte og skadde menneske. Barn og unge er storforbrukarar av sosiale medium, og dei får med seg mykje meir av dette enn vi vaksne veit. Barn og unge som ser desse filmane treng at dei vaksne heime kan ta i mot dei kjenslene og tankane som krigsinntrykka skaper. Dei treng deg som er vaksen.  

Få råd om korleis du kan snakke med barna 

På nettstader som FN sin informasjonsorganisasjon forskning.no, Redd Barna og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring finn du råd om korleis du som forelder kan snakke med barn og unge om krig og konflikt, og hjelpe dei å handtere det dei ser på sosiale medium.   

Informasjon på engelsk  (PDF, 89 kB)

Informasjon på ukrainsk (PDF, 47 kB)

Informasjon på tigrinja (PDF, 59 kB)

Informasjon på polsk (PDF, 90 kB)