No blir det endå fleire fastlegar i Bjørnafjorden

Etter mange år med dårleg rekruttering og ventelister, losnar det no for alvor på fastlegefronten i Bjørnafjorden. 
Frå hausten av startar det opp nye fastlegar ved både Osøyro legesenter og Flåten legesenter. I tillegg aukar Moberg legesenter kapasiteten sin og gjer plass til fleire pasientar på listene sine. I Eikelandsosen skal legevaktlegane frå hausten av dele på ein nyoppretta fastlegeheimel.

Betre kapasitet enn nokon gong

Seks fastlegar startar med eigne lister i september/oktober. Det er plass til 600-1000 pasientar på kvar liste. I tillegg vil fire etablerte fastlegar ha plass til fleire innbyggarar på sine lister. 
– Frå hausten av kjem vi faktisk til å ha betre kapasitet på fastlegar enn nokon gong. Då håpar vi at alle bjørnafjordingar som ønskjer det, vil kunne ha ein fastlege i kommunen. I tillegg skal det vere enklare å bytte fastlege ved behov. Det er svært gledeleg, og noko kommunen har jobba hardt for å få til. Det er ingen tvil om at Bjørnafjorden-modellen er hovudårsaka til at vi no lukkast med rekrutteringa av nye fastlegar til kommunen, seier einingsleiar for legevakt og legetenester, Beate Moberg.

Bjørnafjordenmodellen

  • Ordning for fastlegar som etablerer seg i Bjørnafjorden kommune. 
  • Målet med ordninga er å gi næringsdrivande fastlegar auka tryggheit og gode arbeidsvilkår gjennom mellom anna:
    • Ekstra kommunalt basistilskot
    • Moglegheit for reduserte pasientlister
    • Gjenkjøpsgaranti for fastlegeheimelen 
    • Oppstartsgaranti for null-heimlar

Les meir om Bjørnafjordenmodellen

Fire nye ved Osøyro legesenter

Legekontoret i Brugata 50 på Os har sidan oppstarten vore bemanna av fastlegevikarar. No er det tilsett fire nye legar som begynner i september. Det betyr at alle pasientar som høyrer til Osøyro legekontor vil få tildelt ein ny og permanent fastlege. Dersom du er pasient her, vil du få melding om kven som er din nye fastlege via Helfo. Du treng ikkje gjere noko.

Les også: Fastlegelister flytta frå Sjøkanten legesenter til Osøyro legesenter
Osøyro legekontor vil bli drifta som eit kommunalt legekontor i to år. Det betyr at det i tillegg til vanleg fastlegepraksis, vil vere kommunen sitt legekontor for flyktningar og andre som ikkje har fastlege. Eikelandsosen legesenter er òg i kommunal drift og har desse oppgåvene.

To nye på Flåten legesenter

Flåten legesenter på Amfi Os har tilsett to nye fastlegar, som begge startar opp med tomme lister i september/oktober.

Plass til fleire ved Moberg legesenter

Moberg legesenter i Irisgården på Os går frå å ha kommunale oppgåver til å vere eit reint næringsdrivande legesenter. Det betyr at dei fire fastlegane ved legesenteret vil ha plass til fleire pasientar på listene sine.

Fastlegeheimel i Eikelandsosen

I september blir det oppretta ein ny fastlegeheimel ved Eikelandsosen legesenter. Heimelen skal ha inntil 500 pasientar på lista, og vil bli handtert av dei tre legevaktslegane. Pasientane vil altså ikkje møte éin fastlege, men den legen som til ei kvar tid har vakt i Eikelandsosen. 
- Det er framleis utfordrande å rekruttere fastlegar til austsida av kommunen. Denne løysinga er likevel ei god moglegheit for dei som ønskjer å gå til lege i Eikelandsosen, seier Moberg.