Sjå rapporten og presentasjonen frå frivilligkartlegginga i Bjørnafjorden

Brita Brekke frå Frivillighet Norge presenterte rapporten på biblioteket. Erik Vangsnes

Rapporten frå kartlegginga av lokale lag og organisasjonar i Bjørnafjorden blei lagt fram av Brita Brekke frå Frivillighet Norge på eit ope møte i Bjørnafjorden bibliotek, torsdag 19. september. 

Undersøkinga blei sendt ut til over 300 registrerte frivillige organisasjonar. 120 organisasjonar deltok i undersøkinga, og vi fekk inn svar frå alt frå idrettslag og velforeiningar til kor, næringsorganisasjonar og politiske parti. Svarprosenten var på 38 %, noko som i følgje Brita Brekke er bra for ei slik undersøking. Frivillghet Norge har gjort liknande undersøkingar i rundt 50 norske kommunar. Undersøkinga gir ein inngåande kunnskap om det lokale lagslivet i Bjørnafjorden og status for det frivillige kulturlivet i kommunen.

Les rapporten frå frivilligkartlegginga i Bjørnafjorden (PDF, 2 MB)

Sjå Brita Brekke sin presentasjon frå møtet 19. september 2023 (PPTX, 7 MB)

Innspel frå dei frammøtte

Etter presentasjonen og ein spørsmålsrunde, fekk dei frammøtte moglegheit til å koma med innspel til arbeidet med å utarbeida ein frivilligpolitikk for Bjørnafjorden. Kultursjef Erik Vangsnes melder at både tilbakemeldingar på gruppearbeidet og det omfattande materialet i frivilligkartlegginga gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med å setja vilkåra for frivillig sektor på dagsorden.

Forventar at frivilligheit skal løysa utfordringar

Brita Brekke snakka varmt og kunnskapsrikt om kor viktig frivillig sektor er, som noko anna enn det offentlege eller dei private næringsinteressene. Det er forventningar om at frivillige skal bidra for å løysa utfordringar vi har som lokalsamfunn på fleire felt, og frivillkartlegginga blir eit viktig kunnskapsgrunnlag for det pågåande planarbeidet i fleire sektorar i Bjørnafjorden. Brekke understreka i sitt innlegg at det då er avgjerande å forstå det frivillige livet sin eigenart og eigenverdi: «Frivillige er frie og villige, til å gjera det dei vil. Det må dei få lov til å vera, elles døyr det frivillige ut», sa ho under sin presentasjon.

Brita Brekke takka avslutningsvis for eit godt samarbeid med kommunen i arbeidet med undersøkinga, og ønskte lukke til med arbeidet med å meisla ut ein eigen frivilligpolitikk for Bjørnafjorden kommune.