Torsdagsklubben får eigen ungdomsklubb

Aleksander Ulseth Grener, Bente Borghild Hauge og Eirin Røykenes, - Klikk for stort bileteInitiativtakar og kafévert Aleksander Ulseth Grener, Bente Borghild Hauge frå Kultureininga og Eirin Røykenes, frivillig medhjelpar, ønsker velkomen til ny ungdomsklubb for folk med særskilte behov.

Torsdagsklubben får eigen ungdomsklubb for ungdom i alderen 14 og 25 år, annankvar veke på Kafé Kulí. Første treff er torsdag 2. februar klokka 19-21.

Ungdomsklubben blir ein lågterskelklubb for ungdom med ekstra behov, der det viktigaste er å treffast og prate, kanskje spele eit spel og ete litt god mat.

Primus motor i Kafé Kulí Aleksander Ulseth Grener har tatt initiativ til ungdomsklubben, saman med Bente Borghild Hauge frå Kultureininga.

Annankvar torsdag i oddetallsvekene inviterer Grener og nokon frivillige til ein kjekk og roleg klubbkveld i Kafé Kulí (kafeen i første etasje i rådhuset). Dei første frivillige har allereie meld seg til å hjelpe til på klubbkveldane.

Første oppstartsdato er torsdag 2. februar, kl. 19.00 til 21.00.

Hjarteleg velkommen til en ny ungdomsklubb!

Lenge før Bjørnafjorden kommune blei ein realitet, var Torsdagsklubben eit populært tiltak for menneske med nedsett funksjonsevne i Osøyro. I Eikelandsosen heiter tilsvarande tiltak Fritidsklubben og held no til i Fjorden arena. I desse klubbane har det vore aldersgrense på 18 år og oppover.

Les mer om Fritidsklubben

Les meir om Torsdagsklubben