Torsdagsklubben

Aktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med nedsett funksjonsevne. Vi møtest annankvar torsdag på Nore Neset ungdomsskule. Klubben har ca. 70 medlemmar, inkludert nokre frå Tysnes kommune.

Sjå Torsdagsklubben sitt program for våren 2024 (PDF, 895 kB)

Bilde med teksten Jeg elsker mennesker som ikke aner hvor fantastiske de er og bare vandrer rundt og lager verden til et bedre sted. - Klikk for stort bilete

Torsdagsklubben er eit populært samlingspunkt for mennesker med nedsett funksjonsnivå i Bjørnafjorden og Tysnes kommune. Vi har og eit kontaktnett som går over Austevoll, Samnanger og Vaksdal kommune. Torsdagsklubben har eit aukande tal medlemmer. Her sluttar ingen. 

Døme på aktivitetar 

  • Årleg besøk på Bjørnafjorden Golfklubb
  • Kunstnariske aktivitetar
  • Årleg besøk i Oselvarnaustet, kor vi får turar i oselvar og høyre ekte shanty- musikk
  • Påske -og juleaktivitetar
  • Samarbeid med Jumbo Sidevogns klubb. Flotte turar i sidevognene!
  • I koronatida laga vi ei flott internavis: Bjørnafjorden-posten, som var for og med medlemmene våre
  • Samarbeid med Amcar-klubben. Morosamme kjøreturar med dei
  • Samarbeid med Minimorrisklubb. Artig å sitte på her
  • Førstehjelpskurs og brannkurs
  • Jamlege besøk på biblioteket, med forfattarar som opplesarar
  • 17. mai går medlemmer og leiarar stolte under samme fane i 17.mai-toget 
  • Karneval, bingo og basarer
  • Besøk av teatergruppa «Teatertigrene» frå Bergen
  • Sommerfestar og julebord med klasse og høg sjarmfaktor 
  • Vårt eige kor: Bjørnafjorden-koret plar alltid å underhalde på festane våre
  • Samarbeid med mange musikarar, både kjente og ukjente, i Bjørnafjorden kommune
  • Torsdagsklubben har stor glede av alle typar musikk, og har god tilgang på dette. Dette har blitt lagt merke til av Høgskulen på Vestlandet. Denne modellen frå Bjørnafjorden har no blitt ein del av pensum til dei nye vernepleierstudentane.
     

Mål for Torsdagsklubben

  • Å vere ein trygg sosial arena
  • Auke sosiale ferdigheiter
  • Å skape venskap og samhald
  • Å integrere den enkelte i lokalsamfunnet
  • Å skape mestring og medverknad
  • Å motverke mobbing og segregering
  • Å jobbe for likeverd for alle i kommunen vår
     

Sjå filmen frå Torsdagsklubben sitt moteshow på Nore Neset ungdomsskule i november 2022.

Kontakt

Bente Borghild Hauge
Leder
Mobil: 98834751