Familieteamet i Bjørnafjorden kommune er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge opptil 18 år og deira familiar som strevar med ulike problemstillingar knytt til psykisk helse, trivsel, samspel, utvikling eller reaksjonar på vanskelege hendingar.
Familieteamet tilbyr individuell samtale med psykolog og familierettleiing til barn, unge og deira føresette i ein tidsavgrensa periode, samt grupperettleiing pg kurs til føresette.
Føresette og ungdom over 15 år kan sjølve ta ta direkte kontakt med Familieteamet. Du treng ikkje tilvising.
Fastlegar, barnehagar, skular og fagtenester kan formidle kontaktinformasjon til Familieteamet eller sende innmelding til Familieteamet med samtykke frå føresette og ungdom over 15 år. Her finn du samtykkeskjema og digitalt innmeldingsskjema til Familieteamet.
Barn og unge som treng diagnostisk utgreiing og/eller meir omfattande oppfølging over tid, bør visast til barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) for vurdering av retten til helsehjelp. Då må føresette ta kontakt med fastlege for tilvising, i samarbeid med den aktuelle fagtenesta.
Les meir om barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)