Leverandør Visma har oppdaga ein feil i fagsystemet sitt, HsPro. Dette systemet er mellom anna i bruk i skulehelsetenesta i Bjørnafjorden kommune.
Feilen gjeld manglande lagring av tekst i ein avgrensa del av systemet. Det vil seie at det i nokre tilfelle kan vere opplysningar som ikkje har blitt lagra. Vi veit ikkje om dette faktisk har skjedd i Bjørnafjorden kommune, sidan Visma ikkje greier å avdekke omfanget.
Vi er trygge på at feilen ikkje har gitt alvorlege konsekvensar for innbyggarane eller for vår oppfølging av barn og unge i Bjørnafjorden. Vi har oppgradert til nyaste versjon av fagsystemet, der feilen er utbetra.
Les meir her