Ungdomsteamet

Ungdomsteamet er ein del av Familiens hus sitt tilbod til ungdom i Bjørnafjorden kommune. 
Ungdomsteamet skal møte ungdom på deira eigen arena og bidra i samarbeid kring enkeltungdommar i Bjørnafjorden kommune.

Kven er vi og kva gjer vi?

Ungdomsteamet i Bjørnafjorden kommune er sett saman av tilsette med helse- og miljøterapeutisk kompetanse knytt til oppfølging av ungdom. Vi samarbeider tett med andre fagtenester i kommunen.

Ungdomsteamet driv Ung arena Bjørnafjorden og deltar på Fjorden arena.

Kven er tilbodet retta mot?

Målgruppa for ungdomsteamet er ungdom mellom 13 og 20 år som strevar med utfordringar knytt til skulekvardag, fritid, trivsel og psykisk helse.

Ungdomsteamet driv med gruppeoppfølging i skuletida, individuell oppfølging av ungdom, direkte miljøterapeutisk arbeid inn mot elevar på ungdomsskulane og miljøterapeutisk arbeid på Ung arena og Fjorden arena.

Kven kan ta kontakt?

Føresette, ungdom over 15 år og fagpersonar med samtykke frå føresette og ungdomen det gjeld.

Slik tar du kontakt med oss

Send oss innmelding via dette digitale skjemaet (innlogging i ID-porten)

Treng du samtykkeerklæring? Bruk denne malen.  (DOCX, 70 kB)

Du kan òg ringe måndag-fredag, kl. 8.30-15 eller sende ein e-post (sjå kontaktinformasjon ein annan stad på denne sida). NB! Ikkje send sensitiv informasjon på e-post.

Sjå også

Kontakt

Anne Hodneland Sundfjord
Leder (m/særaldersgrense)
Mobil: 99591842