
Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring etter forenkla prosess i høve detaljregulering av Vetlerinden 17/416 i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14 - 2. ledd, og forvaltningslova § 28.
Følgande er vedtatt:
Auke i utnyttingsgrad i felt BB frå BRA 135% til 140%, ope overbygd areal er ikkje medrekna i grad av utnytting, tillegg i tiltak utanfor byggegrensa og oppdatering av informasjon i SOSI-fil.
Det er følgeleg gjort endringar i plankart og føresegner.
Vedtaket er avgjort administrativt i samsvar med Bjørnafjorden kommune sitt delegasjonsreglement.
Nedanfor er melding om vedtak og reviderte plandokument:
Vedtaksbrev (PDF, 2 MB)
Føresegner (PDF, 199 kB)
Plankart (PDF, 428 kB)
Søknad (PDF, 428 kB)
For meir informasjon i saka klikk her.
Ein kan klage på vedtaket dersom ein har rettsleg klageinteresse eller er part i saka. Frist for å sende inn klage er den 25. juni 2026.
Klagen skal innehalde ei konkret skildring av kvifor ein klagar og kva ein ynskjer.
Klagen merkast med saksnummer og sendast til post@bjornafjorden.kommune.no