Områdeplan for Hauge

 

Her finn du informasjon om og retningslinjer for utarbeiding av forslag til ny områdeplan for Hauge

Kommunestyret i Os vedtok 24.9.2019, sak 71/2019 planprogram til områderegulering for Hauge. Føremålet med områdeplanen er å legge til rette for heilskapleg utvikling av området aust om Os sentrum med vekt på føringar frå pågåande rullering av arealdelen til for Bjørnafjorden Vest og arbeidet med områdeplan for Os sentrum.

Planarbeidet skal sjå på korleis det framtidige busetnadsmønsteret kan utviklast med omsyn til sentrale, allmenne interesser knytt til natur- og friluftsliv, mellom anna gjennom å legge til rette for:

  • grøne korridorar, turvegnettverk og tilkomst til lokale friområde
  • blå- grøne strukturar som opning av bekkevassdrag og flaumvegar
  • born og unges interesser gjennom å finne areal til kvartalsleikeplassar og andre møtestader
  • kartlegging og vurdering av verneverdi av kulturminne og kulturmiljø
  • estetisk utforming av omgjevnadene med omsyn til landskap, miljø og arkitektur
  • bustad for alle gjennom å planlegge for variert bustadtilbod
  • utgreie konsekvensar for miljø og samfunn – særskild høve til kulturminner og -miljø, landskap, landbruk og naturmangfald. 

For meir inngåande informasjon om planarbeidet, finn du planprogrammet under Sentrale dokument nedanfor.

 

Varsel om arkeologiske undersøkingar - 19.april 2022

I samband med planarbeidet er det naudsynt å gjennomføre ei arkeologisk registrering i delar av planområdet for å oppfylle undersøkingsplikta jf. § 9 i kulturminnelova. Formålet med registreringa er å undersøke om planlagd tiltak kan råke ukjende automatisk freda kulturminne, som til dømes førhistorisk busetnadsspor som gardsanlegg, gravminne eller førhistoriske jordbruksspor.

Arkeologar frå Vestland fylkeskommune vil gjennomføre ei arkeologisk registrering i delar av planområdet i perioden 2.- 24. mai 2022. Grunneigarar vert kontakta av utgravingsleiar i Vestland fylkeskommune i forkant av undersøkinga. 

Områder der det er aktuelt å undersøke for mulege kulturminne: 

   

Undersøkinga vil gå føre ved sjakting med gravemaskin. Ved maskinell sjakting vert matjord og eventuell anna masse avdekka ned til undergrunnen. Djupna kan variere mykje avhengig av tjukne på torv og overdekkande masser. Som regel er matjordlaget frå 25 cm til 100 cm, men i ein del tilfelle djupare. Sjaktene er vanlegvis 3-4 meter breie og 20-30 meter lange, i nokre tilfelle også lengre, avhengig av topografien på staden.

Kor tett sjaktene ligg vil variere med lokal topografi, funnsituasjon og undergrunn, men ein avstand mellom sjaktene frå 8 til 15 meter er vanleg.   Alle sjaktene vert fylt igjen etter at naudsynt dokumentasjon er ferdig. Djupe sjakter vert prioritert å fylle igjen så raskt som mogleg. Matjord som er fjerna i sjaktene vert lagt tilbake, men arealet vert ikkje arrondert og sådd på nytt.

Bjørnafjorden kommune er ansvarleg for eventuelle følgjeskader som til dømes øydelagde gjerder, grøfter, attsåing osb. Dei er også erstatningspliktig for eventuelle avlingstap eller ulemper som følgje av undersøkingane.

Ansvarleg for gjennomføring hjå Vestland fylkeskommune er fagleiar Glenn Heine Orkelbog, epost: Glenn.Heine.Orkelbog@vlfk.no, og sakshandsamar hjå Vestland fylkeskommune med ansvar for Bjørnafjorden kommune er Lars Øyvind Birkenes, epost: lars.oyvind.birkenes@vlfk.no

Ansvarleg for oppfølging eventuelle følgjeskader er Planavdelinga, Bjørnafjorden kommune ved Henning Wenaas Ribe, epost: hewr@bjornafjorden.kommune.no, tlf: 99 00 25 02

Kommunen ber grunneigar ta kontakt med Planavdelinga dersom de har spørsmål knytt til undersøkingane. 

 

Varsel om grunnundersøkingar

Utsnitt av kart over områdeplan fro Hauge - Klikk for stort bileteSom del av arbeidet med ny områdeplan for Hauge vil SWECO, på vegne av kommunen, gjennomføre enkle grunnundersøkingar måndag 21.februar i området markert i kartutsnitt – sjå under.

Det skal kartleggast berg i dagen, og ved behov skal det stikkast med stang ned i jorden (maks. 1,5 m) for å sjå kva type lausmassar som ligg i øvre lag. Prøvestikk vert ikkje naudsynt å utføre i private hagar, men det kan verte behov for dette på landbruksareal og ubebygde område

Kontakt prosjektleiar Henning Wenaas Ribe dersom de har spørsmål – sjå kontaktinfo lenger nede på sida.

Medverknad - Grunneigardialog

Kommunen ynskjer god dialog med grunneigarar og rettighetshavarar i planområdet. Om du har spørsmål eller bekymringar knytt til konsekvensane av planarbeidet for dykkar eigedom, oppmodar vi om å ta kontakt med prosjektgruppa for ein prat. Sjå kontaktpersonar nedanfor.

I løpet av hausten 2021 og vinteren 2022 vil kommunen kontakta enkelte grunneigarar for nærare dialog i område der vi ser at særskilde eigedommar vert særskilt råka av tiltaka i planen.

Vinter/vår 2022 vil vi invitera til eit ope møte der resultat av utgreiingar og planforslag vert presentert.

Målet er at framlegg til reguleringsplan kjem på høyring vår/sommar 2022. Grunneigarar, naboar og rettighetshavarar til planområdet vert underretta om dette per brev.

 

For spørsmål/henvendingar knytt til arbeidet med planforslaget, ta kontakt med:

Henning Wenaas Ribe, arkitekt områdeplanleggar, 99 00 25 02, hewr@bjornafjorden.kommune.no

Tor Nagelgaard, jurist, 416 33 557, tornag@bjornafjorden.kommune.no

 

Status

Forslag til ny områdereguleringsplan for Hauge vert lagt fram til utval for plan, bygg og miljø hausten 2021 og sendt på offentleg høyring straks etter. Alle grunneigarar i planområdet, naboar samt offentlege mynde får planforslaget til høyring og moglegheit til å uttale seg før endeleg planforslag vert handsama av Bjørnafjorden kommunestyre i 2022. 

Planforslaget vil legge til rette for langsiktig utvikling av området, med ei tettare busetnad langs Hatvikvegen og eit nytt nettverk av gangsamband med grøne områder, leikeplassar og utsiktspunkt mv. Dette kan medføre nokre restriksjonar på enkelte eigedomar, da det er naudsynt å sette av areal til nye gangvegar. Planforslaget vil legge til rette for at gangvegane vil opparbeidast på sikt, i takt med utvikling i av din eigedom når du ynskjer det. 

 

Detaljregulering Bjørnafjorden gjestetun, gbnr. 63/455

Som del av områdeplanen utarbeider ByBo AS forslag til utbygging på eigedom 63/455. Føremålet med planarbeidet er at utbygging på eigedomen skal sjåast i samanheng med den langsiktige planen for utvikling av området som heilskap. 

Fyste utkast til utbygging på gjestetunet vart presentert for utval for plan, bygg og miljø 21.april 2021. Sjå presentasjonen nedanfor. Utbyggingsforslaget vert vidare bearbeidd før endeleg forslag er klart for politisk handsaming og høyring i haust. 

Naboar til utbyggingsforslaget på gjestetunet vert invitert til eige nabomøte i løpet av august 2021. 

 

 


Sentrale dokument

Områdeplan for Hauge
Tittel Publisert Type
1 Planprogram områdeplan Hauge – KS 24.09.2019

08.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 1 Planprogram områdeplan Hauge – KS 24.09.2019.pdf
1 Saksframlegg fastsetting planprogram områderegulering Hauge

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 1 Saksframlegg fastsetting planprogram områderegulering Hauge.pdf
2 Temarapport Friluftsliv og bygdeliv_Hauge_06.02.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Friluftsliv og bygdeliv_Hauge_06.02.2020.pdf
2 Temarapport Kulturminne_Hauge_05.04.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Kulturminne_Hauge_05.04.2020.pdf
2 Temarapport Landskapsanalyse 02.06.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Landskapsanalyse 02.06.2020.pdf
2 Temarapport Naturmangfald Hauge 22.01.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Naturmangfald Hauge 22.01.2020.pdf
2 Temarapport Naturressursar Hauge 21.01.2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2 Naturressursar Hauge 21.01.2020.pdf
2024.05.08. Illustrasjonsplan Områdeplan HAUGE med mekling

Klikk her for å finne Illustrasjonsplan til Områdeplanen

23.05.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2024.05.08. Illustrasjonsplan Områdeplan HAUGE med mekling.pdf
2024.05.08. Plankart_ Områdeplan HAUGE_

Klikk her for å finne plankart til Områdeplanen

23.05.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2024.05.08. Plankart_ Områdeplan HAUGE_.pdf
3 Forslag strategi områdeplan for Hauge

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 3 Forslag strategi områdeplan for Hauge.pdf
3 Forslag strategi områdeplan for Hauge, mai 2020

07.07.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 3 Forslag strategi områdeplan for Hauge, mai 2020.pdf
Føresegner områdeplan Hauge 15.05.2024

Klikk her for å finne Føresegner til Områdeplanen

23.05.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Føresegner områdeplan Hauge 15.05.2024.pdf
Planomtale 21.05.2024

23.05.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planomtale 21.05.2024.pdf