Sei ifrå til barnevernet

Monica Jensen Seland er kontaktperson i Bjørnafjorden barnevernteneste.

- Litt hjelp frå barnevernet kan vere med å løyse opp vonde og fastlåste mønster i ein familie, seier Monica Jensen Seland i Bjørnafjorden barnevernteneste.

- Ein får gjerne eit anna inntrykk gjennom media, men dei aller fleste foreldre er faktisk takksame for hjelpa dei får frå oss. Med vår støtte får mange foreldre eit betre, nærare og mindre konfliktfylt forhold til barnet sitt, seier Monica.

I dei beste familiar

Vald skjer i alle typar familiar og i alle samfunnslag.
- Mange vaksne jobbar veldig mykje. Dei er slitne og har lite overskot og tolmod i kvardagen. Då kan lunta vere kort, fortel Monica.

Du kan ringe dagvakttelefonen til Bjørnafjorden barnevernteneste på telefon 901 82 850 (måndag-fredag, 8.30-15.30). Ettermiddag, kveld og heilagdagar, kan du ta kontakt med Barnvernvakta i Bergen på telefon 56 36 11 80 Du kan òg ringe politiet på 112

Du kan velje å vere anonym.

For å sende bekymringsmelding, sjå Slik tar du kontakt med Bjørnafjorden barnevernteneste

Barn fortel om vald 

Monica jobbar mykje med akutte saker. Ho svarar på telefonar og meldingar om bekymringar for barn, og tar meldingane vidare til leiaren sin og dei andre i vaktteamet i barneverntenesta. Saman avgjer dei kva neste steg bør vere.
Ho tar òg vanskelege telefonar til foreldra til barn som har fortald vonde hemmelegheiter til vaksne i barnehagen eller på skulen. For det er gjerne slik vald mot barn blir avdekt.

Ingen vil slå barna sine

- Ingen foreldre eg har møtt ønskjer å slå barna sine. Men dei har hamna i eit spor som gjer at dei lett tyr til truslar og vald når barnet utfordrar dei. Det er enormt skadeleg for å eit barn å bli utsett for vald frå ein omsorgsperson. Og det er faktisk like skadeleg for barnet å vere vitne til at mor eller far blir slått eller utsett for annan type vald. Sjølv om det kanskje ikkje skjer så ofte, lever barnet i konstant redsel for at og om det skal skje igjen. Det er ei stor påkjenning for eit barn, og skapar ei utryggheit som kan følgje det vidare i oppveksten og inn i vaksenlivet, seier Monica.

Du gjer alle ei teneste ved å melde ifrå

- Derfor vil eg påstå at du som melder ifrå om ei bekymring for eit barn, faktisk gjer både barnet og foreldra ei teneste. Det er jo ikkje slik at vi automatisk går inn og tar over omsorgen. Vi er her for å gjere det som er best for barnet. Svært ofte er det beste nettopp å styrke og betre forholdet mellom barnet og foreldra, seier Monica.

Sei ifrå! Mot vald i nære relasjonar

 

Marco Blanchetti/Unsplash

Bjørnafjorden kommune har laga ein plan mot vald i nære relasjonar. (PDF, 516 kB)

I perioden 25. november-10. desember rettar vi søkjelyset mot vald og overgrep. Målet med kampanjen er å gjere innbyggarar og tilsette merksame på kva ein skal gjere og kven ein skal kontakte ved mistanke om vald og overgrep.

Les også: Mistenker du at nokon har det utrygt heime? Sei ifrå!