Sei ifrå til fastlegen din

- Har du det utrygt heime? Fortel det til fastlegen din, oppmodar lege Hjørdis Elin Barman. Ragnhild Stende Bjaadal

Mange vaksne som lever i valdelege forhold, kjenner seg veldig åleine. Men alle har ein fastlege.

- Fortel legen din kva du opplever. Det er viktig å setje ord på korleis du har det, og det er heilt trygt å fortelje det til legen din, seier lege Hjørdis Elin Barman. 

- Fastlegane møter alle innbyggarar og i alle fasar av livet. Det betyr at vi er heilt sentrale i arbeidet med å avdekke og stanse vald og overgrep. Enkelte pasientar møter vi oftare enn andre. Fastlegen følgjer pasientane sine over tid, og kan fange opp endringar eller mønster som verkar påfallande, seier Barman.

Fortrulege samtalar

- Dersom du har det utrygt heime, kan det vere umogleg å stole på og opne seg for andre. Men fastlegen er for mange vaksne faktisk den einaste moglegheita til å snakke fortruleg under fire auge, seier Barman.
- Fastlegar får mengdetrening. Vi utviklar evna til å tolke kroppsspråk og forstå hint, sjølv om pasienten kanskje ikkje maktar eller vågar å uttale at han eller ho blir utsett for vald eller overgrep heime. Vi må tore å spørje pasienten direkte. Samstundes er det viktig å gå forsiktig fram, og ikkje bryte tilliten. Det sit gjerne langt inne for ein vaksen å erkjenne situasjonen, ofte fordi dei ønskjer å skåne og beskytte andre i familien, fortel ho.

Støtte og styrke

- Mange held ut alt for mykje alt for lenge. Hugs at legen din er ein trygg samtalepartnar som kan gi deg støtte til å stå i situasjonen - og hente styrke til å bryte ut av det vonde. Ta kontakt med fastlegen din, oppmodar Barman.

Sei ifrå! Mot vald i nære relasjonar

 

Marco Blanchetti/Unsplash

Bjørnafjorden kommune har laga ein plan mot vald i nære relasjonar. (PDF, 516 kB)

I perioden 25. november-10. desember rettar vi søkjelyset mot vald og overgrep. Målet med kampanjen er å gjere innbyggarar og tilsette merksame på kva ein skal gjere og kven ein skal kontakte ved mistanke om vald og overgrep.

Les også: Mistenker du at nokon har det utrygt heime? Sei ifrå!