Kontakt barnevernet

Barneverntenesta skal sette i verk hjelpetiltak for barnet og familien når barnet har særleg behov for det, på grunn av tilhøva i heimen eller anna. Omsynet til barnets beste er det avgjerande. 
Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Vi legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.


 

Slik tar du kontakt med Bjørnafjorden barnevernteneste

Send bekymringsmelding

Elektronisk:

I posten:
Send bekymringsmelding til oss (PDF, 182 kB) per post: Bjørnafjorden barnevernteneste, postboks 24, 5649 Eikelandsosen

Telefon:

Er du bekymra for eit barn?

Mange synest det er vanskeleg å vite om det er rett å melde frå til barnevernet.
Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss. Terskelen for å ta kontakt for å få råd og rettleiing, skal vere låg. Barneverntenesta har teieplikt i barnevernsaker.

Du kan velje å vere anonym, men vi må informere familien om innhaldet i meldinga.

Kven kan få hjelp frå barnevernet?

Barn under 18 år. Dersom barnet samtykker, kan tiltak førast vidare til barnet har fylt 23 år.
Behov for hjelpetiltak må vere dokumentert.

Kven kan melde frå til barnevernet?

Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det kan vere foreldre, venner, naboar, barnehage/skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn treng hjelp.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.

Vi krev ikkje at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding. Du kan velje å vere anonym, men barnevernet må informera familien om innhaldet i meldinga.

Når bør du melde frå til barnevernet?

Er du bekymra for eit barn fordi du trur foreldra ikkje klarar å ta godt nok vare på barnet? Då bør du melde frå til barnevernet.

Korleis kan du vite om det er alvorleg nok?

Er du bekymra, skal du melde frå. Meldinga di kan vere svært viktig for barnet det gjeld. Det er barnevernet si oppgåve å vurdere alvoret, og om det er nødvendig med hjelp.

Dette skjer når vi får ei bekymringsmelding

Når vi får melding om barn som treng hjelpetiltak, startar vi undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter barnevernlova. Dersom meldinga er klart grunnlaus eller vilkåra i lova ikkje er oppfylte, legg vi saka vekk.

Kor lang tid tar det?

  • Du skal få ei stadfesting innan tre veker om at meldinga er mottatt. Dette gjeld ikkje når meldinga er klart grunnlaus.
  • Barneverntenesta skal snarast, og seinast innan èi veke vurdere om vi skal følge opp meldinga med undersøkingar. Ei undersøking skal til vanleg ikkje vare lenger enn tre månadar.
  • Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
  • Privatpersonar som sender bekymringsmelding får ikkje beskjed dersom saka blir lagt vekk. Tilsette i skule og barnehage har krav på tilbakemelding om det blir sett i gang tiltak eller ikkje.

Du kan bli kalla inn som vitne i retten eller fylkesnemnda. I så fall har du plikt til å møte og fortelje kvifor du har vore bekymra.

Kva kan barnevernet tilby?

Barnevernet foreslår hjelpetiltak som vil gjere situasjonen betre for barnet. Dei fleste barna (8 av 10) får hjelp heime hos foreldra. Hjelpa kan til dømes vere råd og rettleiing, barnehageplass, støttekontakt, besøksheim eller tilsyn i heimen. I enkelte saker får barnet plass i fosterheim eller på institusjon.

Tida går og du er framleis uroleg. Bør du ta kontakt med oss på nytt?

Ja. Vi kan ikkje fortelje deg kva barnevernet har gjort sidan sist du tok kontakt. Men er du framleis uroleg, er det likevel viktig at du tar kontakt og fortel oss kvifor.

Kva kostar det å få hjelp frå barnevernet?

All hjelp og rettleiing frå barneverntenesta er gratis.

Kontakt

Bjørnafjorden barnevernteneste
Telefon: 90182850