Om rommet: Innreiing, reinhald, TV/telefon, betalingstype
Institusjonsplass og plass i omsorgsbustad med heildøgns omsorg og pleie
Begge korttidsavdelingane er institusjonsavdelingar. To av langtidsavdelingane er i institusjon (Lyngheim og Bergheim), medan dei andre avdelingane er i omsorgsbustad (Bu1, Bu2, Breheim, Fjordheim, Solheim og Skogheim). Dette har innverknad på kva for betalingsløysing som gjeld for opphaldet.
Innreiing
Storleiken på romma varierer frå 28 m2 til 40 m2. Luranetunet har i tillegg fire servicebustader på 60 m2. Sjølv om romma varierer i storleik, har alle plass til private ting og møblar. Dette er viktig for dei fleste bebuarane. Dei største romma har ein liten kjøkkenkrok, og god plass til eigne møblar. I omsorgsbustadane må du ha med eiga seng dersom du ikkje treng sjukeseng. Dette vil du få informasjon om før innflytting. Ta gjerne kontakt med personalet for råd.
Det er flott om romma blir innreidde med eit personleg preg. Samstundes er det viktig å hugse at innreiinga ikkje må hindre oss i å kunne utføre arbeidsoppgåvene våre.
- Luranetunet ikkje kan ta ansvar for øydelagt inventar. Dersom du har dyrt inventar eller verdifulle gjenstandar, må du sjølv teikne forsikring (sjå avsnitt om forsikring).
Reinhald
Romma blir vaska etter reinhaldsstandard for helseinstitusjon i kommunen. Private eigendelar (dukar, pynt, møblar og liknande) må bebuar/pårørande reingjere sjølve.
Telefon og TV
Du kan installere din eigen telefon dersom du skal bu ved Luranetunet over lengre tid. Du har tilgang til wifi og TV-abonnement Altibox basispakke. Dersom du ønskjer kanalar/strøymetenester utover dette, må du sjølv bestille og kjøpe det som eit tillegg frå Bergen Fiber. Du vil bli fakturert direkte frå Bergen Fiber, og må sjølv seie opp avtalen om du ikkje vil ha han lengre.
Du kan forme ditt eige tilvære som du ønskjer, så lenge det ikkje går utover behandlinga du mottar. Du må også ta omsyn til alle andre som bur og oppheld seg på Luranetunet.
Betalingstype
Institusjon: Du betaler eigenbetaling etter Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata. Enkelt forklart betyr dette at du betaler prosentvis etter inntekt, og ikkje ein fast sats.
Omsorgsbustad: Du betaler husleige, felleskostnader og heimehjelp. Du vil få informasjon om dette før innflytting. Dersom du har låg inntekt, er det mogleg å søke bustønad.